LESERBREV
Statsbudsjett til krig mot maten vår
Basis for all produksjon av mat er fotosyntesen med planter som bind CO2 og produserer organisk stoff. Det blir mat til folk og produksjonsdyr. Med trugsmål frå EU/EØS må Noreg gå i ein meiningslaus krig mot CO2 og norsk matproduksjon.
Eit døme er tomatprodusenten i Rogaland. Han må tilføre CO2 i drivhusa sine for å dyrke fram norske tomatar, ein produksjon på 500 tonn. For dette vil han i 2027 få CO2-avgift på 1 million kroner. Det blir 2 kroner pr kg tomat.
Bøndene og transportørane av mat inn til folk i byane treng diesel til traktorar og lastebilar. CO2-fundamentalistane i den nye klimareligionen sit i Brussel og regjeringskvartalet. Utan skamvit påfører dei matproduksjonen banesår med alle avgiftene sine.
Det er mange syklusar i naturen og i universet. Eit døgn har 24 timar med natt og dag. Ein månefase er på om lag 4 veker frå fullmåne til ny fullmåne. Eit år har 4 årstider. Ein lengre syklus er på om lag 26800 år. Og der er vi no. Magmastraumane i jorda sitt indre er i endring. Jorda sitt magnetfelt er i endring og den magnetiske nordpolen har starta si reise i retning Sibir og Moskva. Noreg vil etter kvart hamna på ein breiddegrad der vi i historisk tid har hatt Spania. Klimaet i nordområda vil dermed bli monaleg varmare.
Noreg er under tvang frå EØS-avtalen til å delta i den meiningslause krigen mot CO2. Det har ført til at Stoltenberg med beinhard ostehøvel har skore bort økonomiske ressursar til mange essensielle føremål. Mellom anna er NORSØK på Tingvoll, stavkyrkjer og vår historie, sjukehus og helse med på lista over ostehøvelskadde tiltak. Slik har Stolteberg sin ostehøvel generert avsetjing på 26 milliardar kroner til kjøp av CO2-kvotar borte i Langtbortistan, og som aldri kan finnast (Dag og Tid 16. oktober). Desse kvotane, og CO2, er ute av stand til å endre den magnetiske nordpolen si vandring og jorda sin aukande frekvens. Difor er desse kvotemilliardane faktisk pengar rett i dass.
Etter siste verdskrigen, i min ungdom på 50 og 60-talet, var Noreg ein sjølvstendig nasjonalstat. Politikarane i Noreg fekk gjennomført prosjekt og reformer til det beste for folk flest. Jons Gahr Støre, utdanna ved same jesuittuniversitet i Paris som atomvåpenkameraten Emmanuel Macron, var forhandlingsleiar om EØS-avtale for Noreg. Der forhandla han bort den norske Grunnlova. Grunnlova skulle vera underordna om ho kom i vegen for alle framtidige EU-direktiv. Høgre med sine medlemer i Europabevegelsen var ivrig heiagjeng. Og der er fleire frå andre parti med svin på skogen
Det er gamle og nye framtidige EU-direktiv som gjennom EØS-avtalen bind Noreg til masta på eit havarerande skip. Skal ein luka bort ugras må ein få med rota. Berre om EØS-avtalen blir sagt opp kan Noreg leggje fram eit framtidig statsbudsjett på eigen kjøl. Då må dei ansvarlege for den norske EØS-avtalen eliminerast frå den politiske scenen.
Sissel Kruse Larsen viser i Nordmørsposten til statestikk som seier at kjøpekrafta har gått opp for folk flest. Lønsutvikling er primært resultat av forhandlingar mellom fagforeiningar og næringslivsorganisasjonar. Det har lite med statsbudsjettet for 2027 å gjera. I debatten om statsbudsjettet er tidlegare lønsutvikling difor ei «god dag mann økseskaft-avsporing».
Det kan til sist vera på plass endå ein gong å minne om Mark Twain sine ord: «Det finst 3 typar lygn. Lygn, forbanna lygn og statestikk. Med statestikk kan ein kome på ville vegar. Og pengemakta sin statestikk om at det er CO2-utslepp som endrar klimaet er eit statistisk bedrag, og det er i ferd med å gi vårt kjære fedreland banesåret.
Jon Samuel Håbrekke
Averøy