LESARINNLEGG

Jon Samuel Håbrekke fra Averøy mener opplæring i nynorsk kan gjøre det lettere for flyktninger å finne tilhørighet i lokalsamfunnet.

Innvandring og integrering

«Alle flyktninger flykter fra Gjemnes» skriv Per Helge Pedersen i Nordmørsposten. Noreg er eit tospråkleg land. Utan opplæring i begge dei to språka våre blir flyktningane utdanna til å leve i eit parallellsamfunn. Gjerne lokalisert til større eller mindre byar.

Nynorsk har ein annan musikalitet enn bokmålet. Dette er ein musikalitet som er eit særmerke for mellom anna havfolket sin munnlege kommunikasjon. Og vi på Nordmøre er eit havfolk. Statestikk viser at innvandrarar i distriktsnoreg som får opplæring på nynorsk i større grad blir verande.

Ei afrikansk kvinne, utsending på landsmøtet i Noregs Mållag for ein del år sidan, sa det slik frå talarstolen. Det at ho fekk norskopplæring på nynorsk gjorde det lettare for henne å kommunisere med folk i kommunen, og lettar å få jobb. Funksjonell munnleg språkkompetanse er alfa og omega for å bli integrert.

Nynorsk har distriktsnoreg sin språklege musikalitet. Nynorsk er like lett å læra som bokmål med mindre læraren har fordomar mot nynorsk. For ein del år sidan fekk elevane ved ein ungdomsskule i Oslo nynorske lærebøker i KRL-faget. Jenter som var 2. generasjon innvandrarar fekk spørsmål om dette var vanskeleg for dei. Nei, svara dei. Våre foreldre har ingen fordomar mot nynorsk. Difor var det enkelt. Når undervisninga blir gjennomsyra av fordomar blir læring vanskeleg, uavhengig av fag.

Jon Samuel Håbrekke, leiar Fosna Mållag.

Kjenn gjerne på musikaliteten i dei to orda: Kjærleik og kjærlighet. Siste stavingane er leik og het. Leik gir assosiasjon til aktiv glede. Het er ending i mange ord på bokmål og har dei to same konsonantane som ordet hat. Det vi treng i verda i dag er meir kjærleik hos dei som har maktposisjonar. I staden opplever vi at desse personane dyrkar hat og frykt som styringsreiskap. Fiendebilde er avgjerande for å generere pengeflyt frå våpenindustrien til makteliten.

Der kjærleik rår grunnen er det å vone at menneske slepp traumet det er å vera på flukt frå krig og vald. La difor dei som likevel kjem nye til Noreg få oppleve å finne ordet kjærleik og lokalsamfunnet sin språklege musikalitet i norskopplæringa.

Jon Samuel Håbrekke
Averøy

Powered by Labrador CMS