Miljøkriminalitet i Tøfta på Averøy
Bildekunstnarar frå Averøy har starta postkortaksjon mot prosjektet for fiskeoppdrett på Tøfta ved Stavnestet i Averøy. Det er uforståeleg korleis politikarar har omfamna dette eventyrprosjektet. Eller kanskje er fantasiprosjekt eit like godt ord.
Påstanden om at dette er eit landbasert anlegg er falsk. I naustet på Stavneset sundag 3. mai vart vi orientert om planane. Det skulle skytast ut eit stort basseng med tunnel ut i sjøen. Der skulle vatn strøyme ut og inn. All fiskekloakk ville strøyme fritt frå flytande merdar ut i havet.
Landbaserte oppdrettsanlegg brukar tankar plassert over flodmålet. Reint vatn blir pumpa inn og reint vatn ut. Når utsprengde basseng ligg lågare enn havnivået er sjøen og havet flytta inn i terrenget. Det einaste rette blir difor å definere anlegget som eit sjøanlegg. Er det nokon som vil hevde at Suezkanalen er eit landanlegg? Går skipa i Suezkanalen over landjorda eller seglar dei på sjøen? Svaret burde vera sjølvseiande. Skipa seglar på sjøen. Det same med merdar som i all hovudsak skal liggje under havnivå.
Kva med kostnadane ved å sprengje ut dei enorme mengdene med berg? Det økonomiske fantasiprosjektet minner om Biowood og pelletsproduksjon basert på ein direkte urealistisk logistikk. Konkurs etter å ha brukt 100 mill. Enova-kroner. Eg kan også minne om fantasiprosjekt for norsk og svensk produksjon av batteri. Kina har kunnskapen og kapasiteten. Med ein milliard i statleg støtte tok folk utan peiling på batteriproduksjon ut eventyrløner til pengesekken var tom.
Treng vi fleire konkurskandidatar med urealistiske prosjekt i Averøy og i Norge? Om utsprenginga i fjellet skulle bli ein realitet kjem Averøysamfunnet til å sitja att med eit gapande sår av skam.
Kva med Atlanterhavstunnelen som delvis går gjennom porøs konglomerat. Vil tunnelen overleve eit så omfattande sprengingsarbeid? Er det gjennomført ein forsvarleg konsekvensanalyse?
Fiskekloakk frå landbasert oppdrett er ein gjødselressurs for landbruket. Det er teknologi frå fortida å sende denne kloakken ut i havet når alle hus på land er pålagt å ha septiktank for oppsamling av avfallsvatn og kloakk ut av husa sine. Den blå åkeren er i meir enn nok ubalanse på grunn av menneskelege inngrep. Det er difor gode grunnar for at folk protesterer mot vedtak om offentleg miljøkriminalitet.
No ventar folk på at politikarane i denne saka viser at dei har sterkare ryggrad enn ei sjøpølse, og seier nei til dette eventyrprosjektet.
Jon Samuel Håbrekke, Averøy
Cand real – mikrobiell biokjemi