LESERBREV
Politisk teater
I ei rekkje artiklar har Per Helge Pedersen sett søkjelyset på storting og regjering i samband med det norske prisnivået på drivstoff og elektrisk energi. Og verre skal det bli.
Etter mi vurdering må vi følgje pengestraumen for å kome til rota. Med andre ord, opphavet til forretningsideen bak. Då fører spora attende til EU, EØS og den økonomiske eliten bak WEF (World Economic Forum).
Først litt historie:
EØS-avtalen vart vedteken i Stortinget 16. oktober 1992. Senterpartiet og SV stemte samla i mot saman med enkelte representantar frå AP og Frp. Framlegg om ei rådgivande folkerøysting over ein eventuell EØS-avtale vart nedstemt i 1991.
Etter at Sveits i folkerøysting sa nei til EØS vart ein revidert avtaletekst vedteken i Stortinget 29. april 1993. Året etter, i 1994, røysta eit fleirtal i Norge nei til fullt medlemskap i unionen. Konklusjonen blir at dei politiske siamesiske tvillingane Arbeidarpartiet og Høgre med støttepartiet FRP har hovudansvaret for EU si makt over Norge i dag.
Denne makta har endra seg steg for steg med åra fram til no. Amerikansk etterretning rekrutterte juristar til EU-domstolen. Då kan vi ane at makteliten trekte i trådane. Dette var juristar med vilje til å utforme lover som ga EU overnasjonal styringsrett. Dermed har det blitt etablert eit lovverk som gir direktiv frå byråkratiet i Brussel prioritet framom både Grunnlova og andre nasjonale lover i Norge.
Så lenge Norge vedkjenner seg EØS-avtalen er politikarane i storting og regjering redusert til amatørar i eit politisk teater. Til sjuande og sist er det EU-direktiv som styrer norsk politikk og blir det gjeldande lovverket i Norge.
Slik har makteliten etablert ein juridisk grunnmur for sin globale agenda. Med frykt og kontroll over media som propagandaorgan styrer dei pengane. Nestor i Rothschildfamilien sa på 1800-talet: «Den som styrer pengane, styrer regjeringane, og eg styrer pengane».
Krig, pandemi og klimaangst har dermed blitt etablert som gode forretnindsidear.
Det er i dette bildet vi må sjå makteliten sin omfattande propaganda. Klimaangst og religiøs tru på at menneskeskapt CO2 er den einaste årsaka til endring i klima framstår som ein ny fanatisk religion.
EØS-kameratane: AP, H og FRP har bunde seg juridisk til å følgje EU sin klimaavtale. Reduserte avgifter på drivstoff kan difor straffast med bøter på milliardnivå. For å nå EU sine absurde klimamål skal biltrafikken ned med 25 prosent. Eit tiltak kan vera å trappe opp prisen på diesel til 50 kroner pr. liter.
Listhaug har ingen intensjon om å seie opp EØS-avtalen. Difor er hennar propaganda for lågare avgift på drivstoff eit politisk teater utan truverd. Dei svenske prisane kan ha vore valflesk før Riksdagsvalet.
Makteliten hovar inn milliardar på børsen for elektrisk energi. Når EU har kome i mål med neste energipakke vil transporten av elektrisk energi bli styrt av ein algoritme der straumen går dit EU sitt datasystem og KI finn at behovet er størst. Det ville vera naivt å tru at det «grøne batteriet» Norge blir prioritert.
Faktisk har Jonas Gahr Støre i brev til Ursula van der Leyen lova å levere store mengder elektrisk enegi frå havvind. Omfanget er så stort at det vil koste 1000 milliardar å byggje ut. Gjett gjerne på kor stor nettleiga blir for folk i Norge med ei slik utbygging. Den blå åkeren (havet) kan dessutan få slike konsentrasjonar av mikroplast at fisken blir ueigna til mat for folk.
Vi ser difor i notid berre starten på høgare pris på straum og drivstoff. Det kan bli så dyrt å leva og bu at folk må gå frå hus og heim. Nett i tråd med WEF sin agenda for omorganisering av verda. Folketalet på jorda skal ned og berre makteliten skal eiga noko. Då høver det godt at både privatpersonar næringslivet går konkurs.
At vi no har fått ein ny konge som er utdanna av WEF til ambassadør for makteliten sin agenda høver dårleg i hop med valspråket «Alt for Norge». Framtida vil vise om han i praksis prioriterer Norge framom makteliten i WEF sin agenda om full kontroll over alle ressursar.
Med EØS skal det vera fri rett til etablering. Slik ser vi ei overetablering av datasenter. Utnytting av overskotsvarme blir framheva som ein stor fordel. Det krev at makteliten får lov å stela vatnet vårt for å kjøle ned datasenteret og hente ut varme.
Grunneigarane ved dei store lakseelvane har lagt ned økonomiske ressursar for å tilby lukrativ lakseturisme. Dei har difor avtale om minstevassføring. Når eit datasenter krev enorme mengde kjølevatn går slike avtalar i dass. Resultatet er elvar med nokre kulpar der vatnet blir for varmt til at lakseyngelen overlever. Utan vatn døyr naturmangfaldet. Vi ser på område etter område at natur og miljø blir ofra på altret til den nye religionen – klimaangst.
I storting og regjering sprellar EØS-politikarane utan ryggrad i sitt politiske eige amatørteater om berre makteliten trekkjer i trådane. Norge treng nye politikarar med ryggrad til å seie opp EØS-avtalen slik at nasjonen vår får attende demokrati og sjølvråderett. Og det hastar.
Jon Samuel Håbrekke
Biolog