LESERBREV
Brød og sirkus til folket
«I stedet for å bruke enorme pengesummer på utskjelte kjendisprogrammer, bør heller NRK skjerpe sin nyhetsdekning» skriv Per Helge Pedersen i eit lesarinnlegg (NP). Reaksjonane på sosiale medium skal ha vore omfattande.
Problemet med NRK og andre konsernmedia si dekning og informasjon om det som skjer i Norge og verda stikk djupare, og er meir alvorleg enn Per Helge Pedersen sin frustrasjon.
Den romerske diktaren Juvenalis levde frå om lag år 55 til om lag 135 e.Kr. Han skreiv ein satire om den politiske eliten som delte ut brød og skipa til store offentlege arrangement (mellom anna gladiatorkampar og hesteveddeløp) for å passivisere eit uroleg folk som hadde ofra sin politiske fridom. (Wikipedia)
NRK vart etablert for å gi folket kunnskap og sannferdig informasjon. Denne oppgåva har NRK og fleirtalet av konsernmedia kasta på dør. No ser den viktigaste oppgåva ut til å vera nett det Juvinalis poengterte for snart 2000 år sidan. Brød og sirkus til folket slik at kritiske spørsmål til eliten sine forteljingar blir stogga. Eliten skal vernast og alternativt syn på sanninga skal eliminerast frå den offentlege debatten. Her er faktasjekking det moderne nyordet. Berre eliten si vurdering av fakta skal vera lovleg.
I debatten med Solvang den 18. november deltok Susanne Heart på videolink om kritikk frå frie media mot dei etablerte, mellom anna NRK. Ho tok opp ein NRK-artikkel om den auka dødsrisikoen blant folk injisert med mRNA. Det resulterte i at Susanne Heart vart teken av lufta. Det var uaktuelt å drøfte. Reaksjonane i sosiale media får reaksjonen på Per Helge Pedersen sitt innlegg til å framstå som små krusingar i ein andedam.
Ein annan metode er å utelate viktig informasjon for å programmere kva folk skal tru og ha i fokus. Dette vart tydeleg demonstrert ved det tragiske dødsfallet til skiskyttaren Sivert Guttorm Bakken. Før sesongen 2021-22 vart han hjarteoperert for hjarteflimmer. Etter 3. injeksjon med mRNA fekk han myokarditt – betennelse i hjartemuskelen. Dette har vore offentleg kjent, men det blir utelatt når dødsfallet blir omtalt i nyhende-loop i alle kanalar. Alt dreier seg om at han vart funnen med høgdemaske. Myokarditt kan vera meir eller mindre farleg, og ingen veit kva dette kan ha å seie i Bakken sitt tilfelle. Å utelate denne informasjonen er likevel eit helsepolitisk grep.
Går Kristiansund og Nordmøre si konsernavis (Amedia), Tidens Krav, fri? Eg vil hevde at svaret er nei. At ein del av mine innlegg til avisa har vanskar med å sleppe gjennom nålauga er for så vidt uviktig i denne samanhengen. I 2022 såg eg ein liten notis om mangel på kjølekapasitet for dei døde i Kristiansund. Kyrkja måtte leige kjølekonteiner frå kjøttindustrien. Ein av prestane gjekk inn i adventstida og hadde gjennomført presteteneste i 70 gravferder. Året før var talet 35. Året 2022 var året for 3. runde med mRNA-injeksjonar. Kunne dette ha vore relevant informasjon til folket?
No før jul har det vore fullt bondeopprør i Europa. Protestane gjeld handelsavtalen med Sør-Amerika om billeg import av landbruksprodukt. Norge heng fast i halen på EU og skriv under tilsvarande handelsavtale utan ein knyst i NRK og konsernmedia. Dei norske bøndene har sidan 1960-talet opplevd tiltak for å eliminere norske bønder og norsk matvareproduksjon. Gi bøndene brød og sirkus, og politisk sjølvstende blir sløva ned.
Kan vi gå inn i det nye året og vakne opp frå brødet og sirkuset sin tornerosesøvn? Utan sannferdig informasjon rustar demokratiet, og eliten sitt byråkrati kontrollerer agendaen.
Godt nyttår Nordmøre og Nordmørsposten.
Jon Samuel Håbrekke