LESERBREV

Jon Samuel Håbrekke, leiar Fosna Mållag

Mine tankar om Helse Møre og Romsdal

Jon Samuel Håbrekke rettar skarp kritikk mot utviklinga i Helse Møre og Romsdal. Han meiner løysinga krev langt meir enn endringar innanfor dagens helsemodell.

Det har vore ei rekkje med innlegg om den økonomiske situasjonen i helseføretaket i seinare tid.

Slik eg har høyrt at det er høgt under taket og breie korridorar, men sengetalet på Høgst er identisk med sengetalet i det gamle Molde sjukehus. Dette medfører at liggetid for pasientane må snevrast inn til eit minimum.

Då oppstår slike hendingar:

  • Ein pasient blir skriven ut og sendt heim med buss.

  • Pasienten går av bussen og besvimer.

  • Ledig ambulanse kjem raskt til og pasienten er straks attende på Hjelset.

Tyder slik drift på at det trengst færre ambulansar? Eller det at ein trafikkskadd pasient med brotskadar blir sendt heim i 4 månader med smertestillande i vente på operasjon. Kvar vart det av kirurgane i Kristiansund? 

Fotfolket spring det dei maktar. Godt betalte konsulentar greier likevel ut korleis fotfolket skal springe enno litt raskare. I ferietida blir dei for ein del erstatta av studentar frå ingeniørstudium utan helsefagleg bakgrunn. Pengar spart er pengar tent. 

Regjeringa sende Vestre til Møre og Romsdal for å preike med frustrerte politikarar. Dermed kan ein vera sikker på at ingen ting skjer. Dei frustrerte sukkar godmodig: Ja, det var no slik det vart. Dei sit seg godmodig til og ventar på neste ostehøvelåtak. 

Vestre sitt fokus er heller at helse ligg under EU sin økonomiske mal. Mange trur at helsevesenet i Norge er særnorsk og skjerma. Det er feil. 

Gjennom EØS-avtalen, Protokoll 31, er Norge fullstendig kopla på EU sine helseprogram. og EU sin sosiale dimensjon. Protokoll 31 forpliktar Norge til å harmonisere velferdsmodellane sine etter EU sine økonomiske retningslinjer. Med føretaksmodellen og føringar frå EU-byråkratiet blir det aldri fornuftige endrigar i norsk helsevesen. 

Eg held Albert Einstein for å vera ein klok mann. Han har sagt: Når eit problem oppstår må det løysast på eit anna nivå enn der problemet oppstod. Årsak heller enn symptom. Han har også sagt at framtida sin medisin er energimedisin. Farmasøytisk industri sine ambassadørar på Stortinget fekk for nokre år sidan fleirtal for at Albert Einstein for med lygn, eller indirekte at han var ein sjarlatan. Slik vart det innført skatt, moms, på naturmedisin. Faktum er likevel at kvar levande celle i kroppen vår er eit elektrisk organ. 

Menneske er i stor grad tilpassa Jorda sitt elektromagnetiske hjarteslag, Schumannfrekvensen på 7,83 Hz. Den elektromagnetiske aktiviteten på Jorda gir Jorda hjartebank med Schumannfrekvens, ofte mellom 15 og 20 Hz. Den psykiske effekten dette har får mange til å avstå frå livet. Kan det då vera fornuftig å byggje ned psykisk helsevern? 

Skal utfordringane i helsevesenet finna ei løysing må ein løfta saka til eit nivå der garantistane for status quo – ingen endringar - blir avskilta. Medlemer av Europabevegelsen må bort frå Storting og regjering. Dei må bort frå topplasering på lister til Stortingsval. Folk som løyver milliardar for å kjøpe internasjonale toppjobbar må bort. Det krev at folk vaknar og søgjer for at folk med beina på jorda og vilje til det beste for folk og land kjem i posisjon. 

Norge har vore koloni under Danmark med kongar som støvsuga landet vårt til fattigdom fordi ressursar til krigføring var viktigare. No har EU og dei EU-frelste teke på seg å kopiere den gamle kolonimakta Danmark. Dei støvsugar landet vårt for folket sin odelsrett til norske ressursar. Hundretals milliardar fyk ut av landet til kvitvasking i korrupte regime. Her heime ser dei seg forplikta til å bruke lån til finansiering av staten sine eigne sjukehusbygg der ein renteberande forretningside armar ut helsestellet vårt. 

Å tru at dette kan vera sant er eit uforståeleg paradoks. At fok flest oppfører seg som teiande slavar i dette tragiske paradokset er direkte sjokkerande. Folk burde stå på barrikadane med krav om avgang for dei ansvarlege. 

Jon Samuel Håbrekke 
Averøy 

Powered by Labrador CMS