LESERBREV

Marit Aklestad, nestleiar og gruppeleiar, og Mariann Ulvestad, fylkesleiar i Møre og Romsdal SV.

Stopp dei uakseptable kutta i sjukehusa våre!

Varslingane om yttarlegare, drastiske kutt i Helse Møre og Romsdal tikka inn gjennom helga. Forslaga er heilt uakseptable.

Vi er vitne til ei uforsvarleg rasering av helsetilbodet til innbyggjarane i eit heilt fylke. Innsparingane går på akkord med prinsippet om likeverdige helsetenester, på akkord med Stortinget sine vedtak, og på akkord med faglege føringar.

Å setje akutt og føde i Volda på spel er heilt uforsvarleg! Å byggje yttarlegare ned i Kristiansund og å kutte endå meir i ambulansetenesta øydelegg tryggleiken vår. Det er uakseptabelt, og kjem på toppen av allereie svært drastiske kutt som har gått ut over både pasientar og tilsette. Psykisk helse og rus, spesialisert rehabilitering, prehospitale tenester, tilsette som ropar varsku om uhaldbare forhold - det einaste som ikkje blir kutta, er mengda direktørar.  

Vi skal ha tre fullverdige sjukehus i fylket. Punktum. Vi skal ha likeverdig helsehjelp uavhengig av bustadadresse. Vi skal ha fagleg forsvarlegheit og trygg helseberedskap. Det som skjer no, er det motsette.

At helseføretaksmodellen har spelt fallitt, visste vi. Men at det skal måtte gå så langt - å tillate at økonomi skal trumfe liv og helse til innbyggjarane i fylket, det går berre ikkje an. Eit samla fylke må setje foten ned.

Helseminister Vestre, du har ein ting å gjere - rydd opp!

Marit Aklestad, nestleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal SV

Mariann Ulvestad, fylkesleiar i Møre og Romsdal SV

Powered by Labrador CMS