LESERBREV

Statsautorisert dyremishandling
Ein erfaren fagperson rettar kritikk mot planane om å innføre metanhemmande fôrtilsetjing for mjølkekyr, og stiller spørsmål ved både dei faglege, politiske og økonomiske grunnlaga for tiltaket.
Den 18. juni blir jordbruksavtalen teken opp til votering i Stortinget. Det medfører vedtak om at alle mjølkekyr skal ha fôr med metanhemmaren Bovaer. Drøvtyggjarane har gjennom millionar av år utvikla eit mikrobiom i fordøyingssystemet som optimaliserer utnytting av fôr menneske er ute av stand til å fordøye. Å forgifte fordøyingssystemet til kua med giftstoffet Bovaer kvalifiserer etter mi vurdering til bruk av eit så sterkt uttrykk som dyremishandling. Studier viser at Bovaer blir overført til mjølk og kjøt. Slik skal vi, våre barn og barnebarn, få mat med helseskadeleg innhald.
Bønder i Danmark har rapportert om kyr som står med konstant diare. Ein annan bonde har mist fleire kyr fordi boviarkyr døyr. Det har medført markante protestar frå danske bønder. Medlemene i det norske Bondelaget står med lua i handa med statleg trugsmål om store økonomiske konsekvensar om dei seier nei til Bovaer. I det norske Stortinget sit Europabevegelsen si stortingsgruppe med stort fleirtal og bestemmer. Lite heiarop for norske bønder og norsk matproduksjon der.
Ein gammal kjenning frå studietida i Bergen, professor emeritus Jan Raa, har publisert si vurdering av dette uforståelege tiltaket. Det er denne tuklinga med kua sin biologi han er særdeles kritisk til. I ein video på Youtube presenterer han ei utrekning. Utslepp av metan etter sabotasjen makteliten fekk utført på Nord Stream, med gassleveranse frå Russland til kontinentet, var på ei veke like stort som frå alle drøvtyggjarar på jorda i 150 år. Rapande kyr har dermed like stor verknad på atmosfæren som det Columbus hadde på havet når han tømde nattpotta over bord på veg til Amerika.
Det er difor grunn til å stille spørsmål om kva og kven som står bak. Rothschild som levde for nær 300 år sidan sa: «Den som kontrollerer pengane kontrollerer regjeringane, og eg kontrollerer pengane». Pengane kontrollerer ein vesentleg del av forskinga. Særleg forsking som kanaliserer pengestraum inn til dei rikaste. Dei med privatfly til WEF-møte i Davos.
Tilbake på 1960 og 1970-talet var det mykje debatt om sukker og helse. Heilt frå 1952 hadde sukkerindustrien hatt eit samarbeid med professor Fredric Stare ved prestisjeuniversitetet Harvard. Han sa til sukkerindustrien det han tidlegare hadde sagt til tobakksindustrien. Gi oss eit stipend utan føringar. Berre gi oss pengane så får de den forskinga de vil ha. Det same skjer med forskinga bak Bovaer. Pengane fiksar frikjenning av skadeverknader for dyr og for menneske som konsumerer bovaermat.
Klimaet på jorda endrar seg i syklusar over mange tusen år. For 25000 år sidan var jorda fullstendig fri for is. Deretter fekk jorda ei istid der heile Norge var dekt av ein samanhengande isbre. For 10000 år sidan etablerte dei første menneska seg på den isfrie kyststripa i vårt område. Fosnakulturen. Gjennom tusen av år smelta innlandsisen og område for matproduksjon la til rette for busetnad og vekst. Inga pengemakt slo alarm i Fosnakulturen om at klimaet gjekk mot katastrofal oppvarming fordi kyr rapa metan. Folk i generasjonar viste evne til å takle endringane i klimaet og tilpassa seg.
Det er verkeleg å vona at pengemakta si manipulering av kunnskapslause politikarar blir avslørt. At svindelen om den menneskeskapte klimaendringa blir avslørt. At pengestraumen frå vitlause klimatiltak kanalisert til den pengesterke makteliten blir avslørt.
Jon Samuel Håbrekke
Cand. real. med hovudfag i mikrobiell biokjemi