LESERBREV

Redd fjorden, baby
Bergensbandet Fjorden, baby! frå Loddefjord syng om å loke rundt og vente på at noko skal skje, og spør «ka gjør du no, då?». Eit forslag frå meg, er å røyste for friske fjordar, reint hav og verna vassdrag.
Det er ikkje så lett å sjå «den grense under vann», men livet i havet er truga. Tareskogen forsvinn, korallreva bleiknar, villaksen og kysttorsken har dårlege kår. Fjorden stilnar. Plast i havet, utslepp frå oppdrettsnæringa, klimaendringar, dumping av gruveavfall. Trugslane er mange.
SV har fått stoppa to av dei største, nemleg planane om gruvedrift på havbotnen og ny oljeleiting i sårbare havområde. Men SV sine sigrar kan reverserast med eit anna fleirtal. H og FrP har endåtil lova at ikkje ein gong verna vassdrag skal få stå i fred.
Friske fjordar, reint hav, yrande naturmangfald. Naturen treng eit sterkare vern. Vi må stanse bit-for-bit nedbygginga. Difor seier SV nei til Gondol på Sula og ja til vern av Sunnmørsalpane. Vi seier ja til verna vassdrag og oljefrie Mørebankar. Vi seier ja til Runde Miljøsenter og ja til torsken og laksen.
Naturen kan ikkje tape for kortsiktige, økonomiske interesser. Naturen er felleseige. Naturen er langtidsinvestering. Naturen bremsar klimaendringane. Difor må vi stoppe naturtapet.
Kva gjer du no, då? Røystar for fjordkloden, så klart.
Marit Aklestad, gruppeleiar, Møre og Romsdal SV