LESERBREV

Ambulanse på vei ut av Freifjordtunnelen mot Bergsøya. Fremskrittspartiet frykter at massive kutt i helsetilbudet i fylket vil true akuttberedskapen og tryggheten til innbyggerne.

Dramatiske kutt i helse­tilbudet i fylket

Styreleiaren i Helse Møre og Romsdal seier rett ut at sjølv om Volda sjukehus skulle bli lagt ned, og det distriktsmedisinske senteret i Kristiansund skulle bli lagt ned, vil ikkje det vere nok. Det må framleis kuttast i Molde og Ålesund.

Opplysningane som kjem fram i Sunnmørsposten i dag 22.september, er svært alvorlege, skriv Fremskrittspartiet i ei pressemelding..

No er er grensa nådd for lengst.

Dette handlar ikkje lenger om effektivisering. Det handlar om ei systematisk nedbygging av spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal dersom Stortinget ikkje grip inn.

Helseføretaket har allereie gjennomført omfattande innsparingstiltak. Styreleiar Herlof Nilssen seier sjølv at drifta er rimeleg god, og at ein har henta ut mellom 500 og 600 millionar kroner. Likevel står føretaket framfor eit ytterlegare innsparingsbehov på om lag 500 millionar kroner.

Når sjølv eit veldrive sjukehus som Volda kan bli sett på spel, samtidig som også tilboda i Kristiansund, Molde og Ålesund står i fare for ytterlegare kutt, må Stortinget ta ansvar.

Det kan ikkje vere slik at investeringar i nye sjukehusbygg og dei påfølgjande kostnadene til renter og avskrivingar skal finansierast gjennom å byggje ned pasienttilbodet.

Vi kan ikkje bygge nye sjukehus med den eine handa og legge ned behandlingstilbod med den andre.

No forventar vi at regjeringa og Stortinget sørgjer for økonomiske rammer som kompenserer Helse Møre og Romsdal for den ekstraordinære belastninga frå mellom anna renter og avskrivingar.

Dette handlar om tryggleiken til innbyggjarane i heile Møre og Romsdal. Det handlar om akuttberedskap, fødetilbod, behandling nær folk og om å kunne rekruttere og behalde dyktige fagfolk.

Vi vil derfor vere heilt tydeleg:

Stortinget må stoppe ei utvikling der Helse Møre og Romsdal blir tvinga til å byggje ned eit fungerande sjukehustilbod for å betale renter og avskrivingar.

Statsbudsjettet for 2027 må gi ei løysing.

Alternativet kan bli irreversible kutt i sjukehustilbodet i Møre og Romsdal. Det ansvaret kan ikkje skyvast ned på styret og leiinga i helseføretaket. Det politiske ansvaret ligg hjå regjeringa og Stortinget.

Vi forventar at dei andre partia no støttar FrP sine forslag om auka ressursar til spesialisthelsetenesta for å unngå ei katastrofe.

No må storting og regjering ta ansvar

Hans Olav Myklebust, Møre og Romsdal FrP

Frode Sandøy, Kristiansund FrP

Kristian Røbekk Follestad, Molde FrP

Håkon Lykkebø Strand, Ålesund FrP

Bjørnar Fylling, Volda FrP

 

Powered by Labrador CMS