LESERBREV
– Ambulansetenesta skal framleis vere trygg
Debatten om endringane i ambulansetenesta i Møre og Romsdal medfører uro i befolkninga. Det har vi stor forståing for.
Samstundes vil vi forsikre innbyggjarane i fylket om at vi framleis skal ha ein trygg og fagleg forsvarleg akuttmedisinsk beredskap.
Vi må vere ærlege om bakgrunnen for saka. Helseføretaket står i ei økonomisk krise, og styret har pålagt oss å redusere kostnadene i dei prehospitale tenestene med 20 millionar kroner av ei samla omstilling for helseføretaket på 400 mnok i 2026. Når heile føretaket må effektivisere, kan heller ikkje dei prehospitale tenestene skjermast.
Oppdraget har vore krevjande: Korleis tilpasse drifta til trong økonomi – utan å svekke beredskapen?
Forslaget som er vedtatt i styret bygger på eit grundig arbeid med brei fagleg involvering. Ei arbeidsgruppe med deltaking frå spesialisthelsetenesta og kommunane – mellom anna legar, leiarar, legevaktslegar, luftambulanselegar, tillitsvalde og vernetenesta – har vurdert heile den prehospitale strukturen i fylket. Det omfattar 30 ambulansestasjonar, 42 ambulansebilar og ambulansebåttenesta. Geografi, aktivitet, risiko, sårbarheit, dagens sjukehusstruktur og framtidige behov er lagde til grunn. Tiltak som blei vurdert å gi uakseptabel risiko, blei forkasta undervegs i arbeidet.
Vi registrerer at fleire kommunar er uroa for at ansvar skal skyvast over på dei, noko vi tar på alvor. Samstundes er det viktig å understreke: Verken akutthjelparordningar eller andre kommunale ressursar skal erstatte ambulansetenesta. Det er også eit faktum at akuttmedisinsk beredskap er eit felles ansvar mellom den enkelte kommune og spesialisthelsetenesta. Vi er trygge på at vi skal få til dette i praksis, med nye måtar å løyse oppdraga på, til dømes gjennom einreddar-ressurs som fagleg kompetent helseressurs i akuttfasen.
Dagens ambulansestruktur er også sårbar i seg sjølv, ved at ambulansar kan vere utilgjengelege i lange periodar grunna transportoppdrag. Ein einreddar er kvalifisert ambulansearbeidar som raskt kan vere på staden, starte vurdering og setje i gang livbergande tiltak, medan transportressursar blir mobilisert. Einreddaren vil aldri forlate sitt beredskapsområde, og dermed vere tilgjengeleg. Samstundes vil AMK si flåtestyring sikre rett og raskast transport i den aktuelle hendinga ut i frå pasienten sitt behov.
Debatten om responstid må også nyanserast. Møre og Romsdal har store avstandar og krevjande geografi, men tala viser samstundes at responstidene i mange område er gode. I grisgrendte strøk har vi til dømes gode tal, medan responstida i bystrøk er meir utfordrande.
Styret har vore tydeleg på at nødvendige kompenserande tiltak skal vere på plass før noko vert gjennomført. Alle tiltak skal risikovurderast grundig og drøftast med tillitsvalde og vernetenesta. Saman med kommunane skal vi finne gode lokale løysingar før endringar blir sette i verk.
Vi forstår at mange er urolige, og det tar vi på største alvor. Samstundes er det viktig at debatten byggjer på fakta og heilskaplege vurderingar.
Det vi alle ønsker, er at folk i Møre og Romsdal skal ha trygg, robust og fagleg forsvarleg akuttmedisinsk beredskap, også i åra som kjem.
Adm.dir Olav Lødemel og
klinikksjef Lars Erik Sjømæling