LESERBREV

Joakim Myklebost Tangen svarer Per Vidar Kjølmoen.

Kjølmoen bommer grovt

Per Vidar Kjølmoen bommar grovt når han kallar Framstegspartiet eit parti for eliten. Det er ei påstand som ikkje berre er feil – den er eit forsøk på å snu verkelegheita på hovudet. For kven er det eigentleg som har styrt landet dei siste åra medan folk flest har fått dårlegare råd? Det er ikkje Framstegspartiet. Det er Arbeidarpartiet.

Dei lova betre tider. I staden fekk folk høgare matprisar, dyrare drivstoff og kraftig renteauke. Lommeboka til vanlege folk har blitt som ein våt svamp – den blir pressa litt meir for kvar månad, medan staten svulmar over av inntekter.

Framstegspartiet meiner det skal vere motsett: Når staten blir rikare, skal folk få merke det. Arbeidarpartiet meiner tydelegvis at staten skal bli feitare medan folk må stramme inn. 

Vi vil gi folk meir fridom i kvardagen – til å velje skule, til å få raskare behandling, til å sitje att med meir av eigne pengar. For oss er ikkje staten ein overdommar, men eit verktøy. Staten skal tene folket – ikkje omvendt.

Når vi foreslår konkrete tiltak, som å kutte matmomsen eller redusere drivstoffavgiftene, svarar Arbeidarpartiet med å “følgje situasjonen nøye”. Medan dei følgjer, betaler folk rekninga.

Eit tydeleg døme er drivstoffavgiftene. Arbeidarpartiet stod stille, medan Framstegspartiet tok initiativ og pressa fram kutt. Det er forskjellen på politikk i praksis og politikk i pressemeldingar.

Samtidig tener staten enorme summar på høge olje- og gassprisar – nesten ein milliard kroner ekstra kvar dag. Likevel vil ikkje Arbeidarpartiet gi folk lettelsar som berre utgjer nokre få veker av denne ekstrainntekta. Det seier sitt. 

Kjølmoen snakkar om elite. Men den verkelege eliten er ikkje dei som vil gi folk meir fridom og meir att av eigne pengar. Den verkelege eliten er dei som sit med makta, aukar avgiftene og ber folk vere tolmodige medan kvardagen blir dyrare.

Framstegspartiet står på si side: for dei som står opp om morgonen, som kjenner prisane på kroppen, og som forventar at politikarane faktisk gjer noko – ikkje berre snakkar.

Joakim Myklebost Tangen
Stortingsrepresentant FrP

Powered by Labrador CMS