LESARBREV

Våpen er ikkje vegen til fred
Dagens konsensus i Vesten ser ut til å vere at alle land må ruste opp eigne forsvar for å sikre at det blir fred.
Nato står allereie for meir enn halvparten av verdas militærutgifter. Argumentet for europeisk opprusting er trusselen frå Russland.
Russland hadde i 2022 eit forsvarsbudsjett på om lag 1/10 av Nato målt i dollar som kjøpekraftjustert utgjer om lag 24% av Nato sitt budsjett. Russland har ca. 146 mill. innbyggarar (Europa ca. 550 mill.) og har BNP på nivå med eit middels stort land i Europa.
Truleg er også Russland sin våpenteknologi av dårlegare kvalitet enn Nato sin.
At Russland skal angripe Nato-land er derfor veldig usannsynleg.
Det norske forsvarsbudsjettet er på 110 milliardar i 2025.
Alle partia på Stortinget har vore med på eit historisk forsvarsforlik der det vart vedteke å bruke 611 milliardar ekstra på forsvaret dei neste 12 åra.
I juni i år har NATO landa i Europa vedteke å bruke 5% av BNP på forsvar. Berekna utifrå BNP for 2024 utgjer dette 146 milliardar ekstra for Norge slik at totale forsvarsutgifter blir ca. 47000 kr pr innbyggar pr år.
Støtta til Ukraina var på 25 milliardar i fjor, og vil bli langt større i år.
Eg trur ikkje på retorikken om at våpen er vegen til fred, og meiner at Norge heller bør bidra til å etablere ei fredeleg og rettferdig verdsordning. Dette kan gjennomførast ved at FN etablerer seg som eit reelt fredsskapande organ slik hensikta med opprettinga var.
Dette kan for eksempel gjerast ved at FN etabler eit fredspoliti med maktmidlar og tilhøyrande domstolar som fungerer effektivt. Målet må vere at medlemslanda etterkvart kan legge ned det nasjonale forsvaret sitt og overfører det til denne politistyrken.
I dag er effektiviteten til FN-organa sterkt avgrensa av vetorettar og skeivfordeling av makt i til dømes Tryggingsrådet.
Eit demokratisert «Tryggingsråd/ Fredsråd» der medlemslanda er utan vetorett og er representert i høve til folketalet kan styre dette fredspolitiet. Dette rådet kan også vedta sanksjonar og boikott (handel, idrett m.m.).
FN-hovudkvarteret bør flyttast ut av New York og plasserast i eit nøytralt land som til dømes Sveits for at dette skal kunne fungere.
Dei som trur på den ulogiske propagandaen om at opprusting fører til at verda blir tryggare og meir rettferdig kan stemme på eit av partia som er representert på Stortinget i dag.
Andre som ynskjer ei meir rettferdig verdsordning der konflikter blir løyst ved forhandlingar og domstolar bør støtte det nye partiet FOR (Fred og rettferd) som stiller til val i heile landet. Pengar og menneskelege ressursar som er planlagt slusa inn i militærvesenet bør heller nyttast til betring av kommuneøkonomien og andre velferdstiltak for folk som slit med å få endane til å møtast.
Hallgeir Wuttudal, Brattvåg.
1. kandidat FOR (Fred Og Rettferd) i Møre og Romsdal.