LESERBREV

NATURLIG DEL: Fylkessekretær Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal mener man må regne med tap av sau til gaupe i gamle Aure kommune, ettersom området er en del av forvaltningsområdet for rovdyret.

Gaupe i Aure?

Det er nylig medt at det sannsynlegvis er gaupe som tar for seg av saueflokken i Aure. Er dette som ein må rekne med, eller er dette eit alvorleg problem ein må bli kvitt?

Det er ikkje så veldig overraskande at det finst gaupe i Aure. Gamle Aure kommune har i årevis vore ein del av forvaltingsområdet for gaupe i region 6. Når gaupebestanden er så stor som rovviltnemnda har bestemt, så skal det vere fire familiegrupper av gaupe på Nordmøre. Nærare bestemt er gaupeområdet i Sunndal nord for Driva elv, Tingvoll, gamle Aure, Halsa og Surnadal.

Tidlegare, 20 år tilbake eller noko slikt var målet 6 i Nord-Trøndelag, 4 i Sør-Trøndelag og 2 i Møre og Romsdal. Trøndelagsfylka nådde målet og vel så det. For å lette litt på presset i Nord-Trøndelag, blei dette i praksis endra til 4-4-4, altså 4 familiegrupper i Møre og Romsdal. Nedgangen i Nord-Trøndelag fortalde rovviltnemnda gjerne om, auka i Møre og Romsdal var det ikkje så mykje om å gjere å nemne når nemnda var ute på tur.

Øystein Folden er fylkessekretær i Naturvernforbundet.

I løpet av nokre få år ordna det seg slik at det blei omkring fire familiegrupper der det var vedtatt i Møre og Romsdal. Først så var dei fleste gaupene i Surnadal, seinare Tingvoll. Etter som bestanden av rådyr og hjort går ned, går også gaupebestanden ned igjen.

 Tap av sau for gaupe i den gamle delen av Aure må ein rekne med. Dette er eit område som rovviltnemnda har bestemt skal ha ein gaupebestand som motstykke til andre stader som skal prioritere beitedyr. Det er ikkje forbod mot å drive med sau i området, men ein må rekne med ein del tap om ein gjer det. Gaupa sine behov skal gå framom beitedyra. Å satse på å auke ei sauedrift i dette området er uklokt.

Det har lenge vore ein stor bestand av hjortedyr på Nordmøre. Sjølv om Aure kommune har lagt opp til å skyte hundrevis av hjort, så er det mange igjen. Det kan sjå ut som gaupebestanden kan auke på ein del  der det er mykje rådyr og hjort.

NATURLIG ROVDYR: Den eurasiske gaupa (Lynx lynx) har tilhold på Nordmøre, og ifølge Naturvernforbundet er gamle Aure kommune en del av det fastsatte forvaltningsområdet der det skal være rom for familiegrupper av arten.

Statusen er altså at det i tidlegare nemnte område i Møre og Romsdal skal vere 4 familiegrupper, og at gamle Aure er ein del av forvaltingsområdet for gaupe.

I nokre år no har det vore ein bestand av gaupe omtrent på bestandsmålet i denne delen av Møre og Romsdal. Surnadal merka det først. I løpet av vel 5 år har gaupebestanden i Tingvoll gått frå å vere eksotisk liten til den største i verda og no så liten igjen at dei ikkje får fanga dyr som dei kan merke. Tal ynglingar ved siste telling i Møre og Romsdal var null. Ingen. Fire under målet. Ikkje er det noko å skrive om i avisa lenger heller. Det er vel ikkje overraskande om det no er Aure sin tur. Spor etter gaupe må reknast som normalt. Om ein ikkje finn det i forvaltingsområdet for gaupe, kvar skulle ein elles finne spor? At rådyrfamiliar kjem bort må ein også rekne med. Det blei skote 90 rådyr i 2023 i Aure kommune.

Øystein Folden
Fylkessekretær, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Powered by Labrador CMS