LESERBREV

Henning Torset (H) er blitt ordfører i Aure

Stem Høgre – for sterke lokalsamfunn og ei ansvarleg regjering

Noreg står ved eit vegskilje. Kommunane våre slit økonomisk, byråkratiet veks, og viktige tenester står i fare. Som ordførarar i Høgre ser vi kvar dag korleis dette påverkar innbyggjarane våre. Difor kjem vi med åtte klare krav til ei ny regjering – krav som vil styrkje lokalsamfunnet, sikre gode tenester og gi folk meir igjen for skattepengane sine.

1. Mindre byråkrati. meir tid til innbyggjarane Kommunane druknar i rapportering og statleg detaljstyring. Høgre vil forenkle oppgåvene og kutte i byråkratiet, slik at ressursane kan brukast på det som betyr noko: skule, helse og omsorg.

2. Slutt på sløsing i offentleg sektor. Vi vil gjenreise respekten for lokalt sjølvstyre og sørgje for at staten ikkje legg unødige hindringar i kommunale planar. Kommunane må få styre meir sjølv – det gir betre og meir treffsikre løysingar.

3. Eit rettferdig inntektssystem. Dagens system straffar kommunar som veks og som gir frå seg naturressursar. Høgre vil sikre at alle kommunar får sin rettmessige del av inntektene og støtte til å møte levekårsutfordringar.

4. Politiet der kriminaliteten skjer. Vi vil ha fleire politifolk ute i gatene og betre samarbeid mellom politi, skule og barnevern for å førebyggje kriminalitet.

5. Læraren skal vere sjefen i klasserommet. Lærarane må få arbeidsro og støtte. Høgre vil at lærarar skal få være lærarar, tilsetje andre yrkegrupper i skulen og gi kommunane fridom til å prioritere der behovet er størst.

6. Enklare å starte og drive bedrift. Næringslivet er ryggrada i lokalsamfunna. Høgre vil gjere det enklare å etablere og utvikle bedrifter, slik at arbeidsplassar og kapital blir verande i Noreg. Vi må skape før vi kan dele, og næringslivet held liv i oss på alle måtar.

7. Fart på bustadbygginga. Vi treng fleire bustader – raskare. Høgre vil fjerne unødige statlege innsigelsar og forenkle regelverket, slik at fleire får råd til eigen bustad.

8. Ein ansvarleg busetjingspolitikk for flyktningar. Kommunar med høg innvandrarandel må få avlastning. Høgre vil sikre rettferdig fordeling og stille krav til vidare norskopplæring.

Difor bør du stemme Høgre. Vi vil ha ei regjering som lyttar til kommunane, som tek ansvar og som gir folk betre tenester for pengane. Høgre har erfaringa, viljen og løysingane. I stortingsvalet handlar det om kven du vil skal styre landet – og kven du stolar på til å ta vare på lokalsamfunnet ditt.

Stem Høgre – for framtida til kommunen din.

Per Are Sørheim, Ordførar Ørsta kommune

Ann Kathrin (Tine) Storøy, Ordførar Herøy kommune

Dag Vaagen, Ordførar Sande kommune

Stian Skorgen Scheide, Ordførar Ulstein kommune

Randi Bergundhaugen, Ordførar Vestnes kommune

Kenneth Langvatn, Ordførar Giske kommune

Henning Torset, Ordfører Aure kommune

Trygve Grydeland, Ordfører Molde kommune

Turid Humlen, Ordfører Sula kommune

Einar Arve Nordang, Ordfører Stranda kommune.

 

Powered by Labrador CMS