LESERBREV

Skam dokke AP!
LESERBREV: «At landet skal styrast av personar som har kome dit rett og slett ved å lyge er slett ikkje verdig, Støre, Vestre og co burde vere så pass at dei går av», skriver Stortingsrepresentant Frank Sve fra FrP.
Når Møre og Romsdal AP forsøker å glatte over si eiga skam, hjelper dette slett ikkje. AP har her i fylket gløymt fullstendig at dei har Kjølmoen og Tønnesen, samt statssekretæren Brekken, som alle sjølvsagt viste kvar ei setning i sitt eige statsbudsjett.
Att desse no føler seg «lurt» biter absolutt ingen på, no må nok denne gjengen her slutte med å forsøke å bløffe befolkningen, også no når dei ser at alt rakner.
Fei for eiga dør dokke her i Møre og Romsdal AP, med Kjølmoen , Tønnesen og Brekken som er meget godt opplært av «Trollfabrikken" til Støre, Vestre og co.
I valgkampen reiste AP ved Kjølmoen og Tønnesen rundt og predika akkurat samme svadaen som AP sentralt har kome med. Kjølmoen lovde Stad skipstunnelen, gratisferjer samt mange andre områder spesielt innan skule, som no viser seg å være direkte bløff og fanteri.
At AP her i fylket forsøker å sende «flasketuten peikar på» til AP sentralt, er så inn i hampen greinalaust at dette trur dei ikkje på sjølv ein gong. AP her i fylket kan la være å drive valgkamp i framtidige valg her i fylket, etter at dei direkte har lurt befolkninga. Å forsøke seg med enda meir bløff og fanteri no der dei liksom ikkje viste, veit alle er reine og skjere tull og tøys.
AP har blitt som ei bygdeliste for Oslo og sosieteten i AP klanen der.