LESARBREV

Leiar i IOGT Møre og Romsdal, Per-Arne Lillebø

Kunstig stimuli og menings­fylte liv

Noreg anno 2026. Regjeringa og Stortinget gav norske kommunar tidlegare i år høve til å vedta nattskjenking av alkohol under VM i herrefotball i sommar. Kva vert det meinigsfylte livet framover?

Publisert

I alle fall 90 norske kommunar sa nei til å ha utvida skjenketider under årets VM, i følgje ei undersøking som NRK har gjort. Pr. 8. juni var det 42 kommunar som ikkje hadde svart på NRK sine spørsmål. 

Mange åtvaringar

Regjeringa vedtok eit mellombels unntak i alkohollova for perioden 11. juni til 19. juli. Kommunane kunne dermed vedta å utvide skjenketidene for øl og vin på stadar som viser direktesendte VM-kampar.

Vi i IOGT Møre og Romsdal tenkjer at når organisasjonen LY, som tidlegare heitte Barn av rusmisbrukarar, politi, legar og mange andre åtvarar mot nattskjenking av alkohol, er det gode grunnar til å lytte til desse uttalane. Idrett og alkohol/rusmiddel høyre ikkje i lag meiner vi.

Illustrasjonsfoto av ungdom. IOGT mener det bør være enkelt å ta rusfrie valg og ønsker et trygt og inkluderende samfunn.

Narkotikabeslag

Politiet publiserte i januar i år tal for narkotikabeslaga som vart gjort i fjor. Tala viser at det er beslaglagt store mengder kokain, hasj og marihuana her til lands. Denne utviklinga uroar Politiet.

I fjor så vart det totalt beslaglagt 404 kilo kokain gjennom 2146 beslag. Det er cirka 10 prosent fleire beslag enn i 2024. Av alle narkotikabeslag her til lands utgjer no kokain 11 prosent, mot 5 prosent i 2019. I Oslo er andelen endå høgare, og der utgjer kokain 18 prosent av alle narkotikabeslaga. 

- Kokain er ikke lenger et marginalt rusmiddel, men et stoff som beslaglegges hyppig og i store mengder, seier Kripos-sjef Kristin Kvigne til politiet.no 26. januar i år.

Leiar i IOGT Møre og Romsdal, Per-Arne Lillebø
Infomedarbeidar Hjørdis Almelid Vikenes.

Meiningsfylte liv

Korleis skal vi som samfunn møte auken av rusmiddel som kjem til landet vårt? For oss i IOGT er det viktig å arbeide førebyggjande og med ruspolitisk påverknadsarbeid, og vi har sosialt arbeid både for rusavhengige og for barn og unge. Vi arbeider for at det skal vere lett å ta rusfrie val, og vi vil bidra til eit trygt og inkluderande samfunn. Visjonen vår er at alle menneske skal kunne leve frie, rike og meiningsfylte liv, og der kunstig stimuli i form av rusmiddel ikkje skal stå i vegen for dette.

God meiningsfull VM-sommar!

IOGT Møre og Romsdal
Leiar Per-Arne Lillebø og infomedarbeidar Hjørdis Almelid Vikenes

Powered by Labrador CMS