LESERBREV
Kor mange gaupeynglingar er det i Møre og Romsdal?
Øystein Folden uttrykker her bekymring for den lave gaupebestanden i Møre og Romsdal. Han gir sin mening om hva som er viktig å fokusere på når situasjonen omtales.
«Den ferske NINA-rapporten viser at gaupebestanden i regionen er stabil og godt over bestandsmålet.» Slik står det å lese i nettutgåva av Aura Avis 6.7.2026.
Journalisten har truleg bruka regionen om Møre og Romsdal og Trøndelag til saman. Då er det rett. Dei fleste av lesarane av Aura Avis vil tenke Nordmøre, og då blir det heilt feil.
Rapporten som fortel om kor mange gaupeynglingar det var i Møre og Romsdal ved sist telling vinteren 2025-2026 kjem ut med 0 (null) ynglingar for første år på lenge. Skuldast det låge talet at det ikkje var sporsnø eller det ikkje var folk ute på telling? Det er jo enkelt å ville forklare slike tema på den måten. Det er truleg rett å seie at det ikkje har vore betre oversyn over bestanden enn no, sjølv utan sporsnø mykje av vinteren. Talet på viltkamera er stort. Interessa for å påvise gaupe både utan og med ungar er stor. Kunnskapen om kor gaupa går hen og held seg er stor.
Dei som skulle merke gaupe for å finne ut kva for dyr gaupa i Tingvoll har på menyen fekk aldri tak i meir enn den eine hanngaupa. Det var for lite gaupe.
For nokre få år tilbake var det ein del gaupe på Nordmøre. Bestanden er redusert dei siste 3 åra, først i Surnadal og seinare også i Tingvoll. Rovviltnemnda har vedtatt spesielle tiltak. Når ein skal bestemme kvote for gaupejakta til vinteren, er det no ikkje grunnlag for jakt og kvote på Nordmøre. At region 6 (Møre og Romsdal og Trøndelag) ligg over målet skuldast at det er tettare mellom gaupene i heile sentrale Trøndelag frå sør til nord. Vil ein først ha jakt på gaupa, er det der ein får legge kvota.
Når det gjeld store rovdyr er det alltid vanskeleg å seie noko om kva dei kjem til å ete i det neste halvåret. Sjansane er større enn på lenge til at dei fleste beitedyra som er sleppt på beite i Tingvoll kjem heim igjen til hausten. I alle fall når ein tenkjer på gaupa.
I mellomtida får avisa fortelje om bestanden i Møre og Romsdal viss det er dei gaupene de vil seie noko om. Ver tydeleg, for feil er ein viktig grunn til at det er mykje konflikt rundt rovdyra.
Øystein Folden
Fylkessekretær, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.