LESARBREV

Leiar Per-Arne Lillebø i IOGT Møre og Romsdal. Foto: Privat.

Kan briller vere rusføre­byggande?

Kan det vere slik at såkalla promillebriller kan vere rusførebyggjande? Viss dei kan vere det, korleis vert slike verkemiddel i så fall brukt i det rusførebyggjande arbeidet?

Med promillebriller fekk elevar ved Ørsta vidaregåande skule ved skulestart i august i år prøve korleis både syn og koordinasjon vert endra når ein er påverka av alkohol.

Rus påverkar synet

Desse promillebrillene var ein del av opplegget i samband med trafikktryggingsdagen ved Ørsta vgs. I følgje lokalavisa Møre-Nytt 20. august i år seier ungdomar som vart intervjua at dei ikkje hadde venta at promillebrillene skulle påverke synet så kraftig. Ungdomane seier at testen med promillebriller viste med tydelegheit kvifor alkohol og køyring aldri må kombinerast.

I Ørsta i august var det Norges Automobil-Forbund (NAF) som hadde med seg fleire ulike verktøy. Elevane fekk prøve Veltepetter og bråstopp, og vidare fekk dei testa ei kollisjonsvekt som gjev ei kjensle av kor store krefter kroppen vert utsett for i samband med ein kollisjon.

Vanskelegare å orientere seg

Til Møre-Nytt uttalte May Masuhr i NAF at promillebrillene etterliknar nokre av utslaga som svært kraftig alkoholrus kan ha på synet, balansen, koordinasjonen og reaksjonsevna. Det er ikkje lett å orientere seg når alkoholinntaket er høgt.

– Med brillene på får du oppleve noko som svarar til 2,5 i promille i eitt sekund. Då er du, for å seie det rett ut, skita full. Når elevane prøver å kaste eller ta i mot ball, ser dei korleis reaksjonsevna blir påverka, sa May Masuhr til Møre-Nytt i august.

“Promillebrillene” gjev ikkje dei som bruker brillene ein rus. Dei gjev dei derimot ei konkret oppleving av at det kan vere vanskeleg å gjere sjølv enkle oppgåver når ein er ruspåverka.

Leige eller eige

Desse promillebrillene kan ein anten kjøpe eller leige, viss det er organisasjonar som tenkjer at dei vil ha ein rusførebyggjande dag. IOGT Møre og Romsdal set stor pris på alle instansar, lag og verksemder som fokuserer på korleis rus kan påverke oss i kvardagane. 

Og - samtidig som vi oppmodar til rusfri bilkøyring, minner vi også om at det i mørketida er viktig å bruke refleksar. God haust!

Leiar Per-Arne Lillebø og nestleiar Hjørdis Almelid Vikenes

IOGT Møre og Romsdal

Powered by Labrador CMS