LESARBREV

FrP, Høgre og nynorsk
Eg har klikka meg gjennom ein valgomat utan å finne eit einaste oppslag om kultur. Det er likevel kjent frå media at FRP og Høgre vil gjennomføre ein amputasjon av norskfaget i norsk skule. Dei freistar å fiske etter veljarar med eit rasistisk syn på nynorsk.
Alt i barnehagen burde det vera medvite fokus på aktiv bruk av den nynorske songskatten. Det ville gi oss tospråklege barn i førskulealder. Tospråkleg eksponering i barnehagen vil stimulere hjernen til å byggje fleire nervebanar for språk. Det ville samstundes byggje større respekt for begge dei to norske skriftspråka.
Sjølv underviste eg i naturfag, kjemi og biologi ved Kristiansund Gymnas / Atlanten vgs. i åra 1970-2004. Det kom tidleg i denne perioden signal frå Universitetet i Bergen om at mange studentar kunne fått betre karakterar om dei hadde eit meir presist skriftspråk til eksamen. Eg såg det difor som ei viktig oppgåve å fokusere på presist språk i elevarbeid i mine fag.
Der var nynorsk sidemål til god hjelp ved ein skule der dei fleste elevane skreiv bokmål. Slurvete og upresist språk var vanleg på grunnkurset. Bokmål byggjer på dansk, språket til eit folk i eit lite flatt land. Nynorsk har 50 prosent større ordtilfang. Det byggjer på norske dialektar utvikla for å takle topografi og langt meir krevjande klimatiske tilhøve i vårt langstrakte land med fjordar og fjell. Det set større krav til god formuleringsevne for å meistre det daglege livet i praktisk arbeid. I skulen gir det relevant overføringsverdi til dei som skriv bokmål.
Landsmålet og nynorsk var viktige kulturberarar då Noreg utvikla seg frå å vera ein kolonistat under Danmark til å bli ein fri nasjon. Å amputere norskfaget frå å vera eit tospråkleg fag til eit slurvete eittspråkleg fag vil difor vera ein gigatabbe.
Det er difor å vone at dei andre partia tar eit solid grep i språkøyra til Sylvi og Erna.
Jon Samuel Håbrekke
Leiar Fosna Mållag