Jon Samuel Håbrekke, leiar Fosna Mållag.

Fremskrittspartiet (FrP) og nynorsk

Eg ser i media at Sylvi Listhaug vil gå ut i valkampen og marknadsføre Fremskrittspartiet (FrP) som eit antikulturparti. Sylvi minner meg om bygdejenta som fekk fin huspost i byen.

Ho kom på heimebesøk etter eit par veker og knota det beste ho kunne. Kva ei rive var hadde ho visst gløymt. Men så var ho uheldig og tok nokre steg bakover. Eine foten trakka på rivetindane. Riva vippa opp og skaftet trefte bakhovudet. Då kom det nokre ukvemsord med spørsmål om kven som i all verda hadde plassert riva der.

Ein annan historie: Ein nordlending fortalde om då han skulle kjøpe seg ei brok i Oslo. Ekspeditrisa markerte at ho ikkje forstod kva han ønskte seg. Han spurde då om han skulle slå om til fransk. No plutseleg forstod ho kva ei brok var, for å selja ei brok ville ho.

Jon Samuel Håbrekke, leiar Fosna Mållag.

Jau, det er nok av folk med fordomar mot norsk språk og kultur, jamvel no etter at Jon Fosse fekk Nobelprisen i litteratur. Men det finst unnatak. Eg las eit lesarinnlegg i Bergens Tidende ein sommar på 70-talet. Skribenten gjorde eit poeng av at han sjølv var bokmålsbrukar. Men som sensor ved juridisk fakultet hadde han dette rådet til studentane. Ville dei ha betre karakterar burde dei bruke nynorsk til eksamen. Dei som skriv på nynorsk har lært å setje punktum, var hans grunngiving.

Der kjem vi fram til eit viktig poeng. Studentar ved universitet og høgskular får svakare karakterar i ulike fag enn naudsynt fordi dei manglar evne til å formulere eit presist språk. Lærarar i norsk har sagt at dei merkar betring i skriftleg bokmål etter at klassen deira har starta undervisinga i nynorsk.

Eg har sjølv utført språkvask på bokmålstekstar nedskrivne av akademikarar med sjokkerande dårleg språk. Då eg var utleigd i eit prosjekt ved NTNU våren 1999 fekk eg i oppgåve å omsetje eksamensoppgåva i biokjemi til nynorsk.

Adekvat språkleg kompetanse var diverre fråverande.

Å kalle Sylvi Listhaug si flørting med kunnskapsløyse som ein real skivebom ville vera alt for flatterande. Det er meir reelt å snakke om at bomskotet gjekk rett til skogs.

Jon Samuel Håbrekke
Leiar Fosna Mållag

Powered by Labrador CMS