LESERBREV
Ein seier for kysten!
Framstegspartiet har saman med eit fleirtal på Stortinget vedtatt å avvikle normprisordninga og prisrådet for havbruk frå inntektsåret 2027.
Dette er gode nyheiter for ei av dei viktigaste næringane langs kysten i Møre og Romsdal. Havbruksnæringa skaper store verdiar for lokalsamfunn over heile fylket. Difor treng vi politikarar som sørgjer for at næringa får rammevilkår som fremjar investeringar og vekst – ikkje meir byråkrati og fleire skattar.
Framstegspartiet har vore mot grunnrenteskatten frå første dag. Vi meiner skatten svekkjer investeringsviljen og gjer det vanskelegare å utvikle næringa vidare. Prisrådet har vore eit symbol på nettopp dette: meir byråkrati, meir usikkerheit og mindre tillit til dei som skaper verdiane.
Avviklinga av prisrådet inneber at Skatteetaten vil sjå over at selskapa betaler riktig skatt. Dette blir ei vesentleg forenkling som næringa har etterspurt.
Skal vi sikre arbeidsplassar, busetjing og vekst langs kysten i åra som kjem, må vi leggje til rette for dei som ønskjer å investerer, og som skaper verdiar. Avviklinga av prisrådet er difor ein viktig siger, men arbeidet stoppar ikkje her. Målet vårt står fast: å fjerne heile grunnrenteskatten og gi havbruksnæringa dei vilkåra ho treng for å skape vekst og arbeidsplassar i heile Møre og Romsdal.
Joakim Myklebost Tangen - Stortingsrepresentant FrP
Frank Sve - Stortingsrepresentant FrP