Rundt 80 prosent av hushalda i Sørvest-Noreg har valt noregspris, og tener på det.

Noregspris tek prissmellen trass i stram kraftmarknad

Spotprisen i Sør-Noreg var meir enn dobbelt så høg i oktober som for eit år sidan. Likevel vart rekninga den same for husstandar som har noregspris.

Publisert

I fleire landsdelar vart straumprisen òg litt lågare. Det viser straumprisindeksen til Fornybar Norge for oktober.

Spotprisen i Sør-Noreg låg på mellom 135 og 150 øre per kilowattime i oktober. I Midt-Noreg steig prisen frå 30 øre i oktober i fjor til 99 øre i år.

Tre gonger så høge

Høge gassprisar i Europa bidreg til prisauken. Ved utgangen av oktober var gassprisen over tre gonger så høg som før USA gjekk til angrep på Iran, ifølgje Fornybar Norge.

– Når vi i tillegg har ein stram kraftsituasjon heime, slår det inn i straumprisane i store delar av Noreg, seier næringspolitisk rådgivar Lars Tennbakk Bockman til NTB.

Hushald med noregspris sparte mellom 530 og 604 kroner i oktober samanlikna med ordinær straumstøtte. I oktober i fjor var innsparinga mellom 237 og 338 kroner.

Ifølgje tal frå Elhub har om lag 80 prosent av hushalda i Sørvest-Noreg valt noregspris.

Trass i ein våt oktober er vassmagasina i Sørvest-Noreg svært låge etter eit tørt år.

Norsk vindkraftproduksjon var 19 prosent høgare enn i oktober i fjor, medan han auka med 47 prosent i Sverige. Noreg importerte kraft frå Sverige og eksporterte til kontinentet og Storbritannia.

– Med lite vatn i magasina i sør er kvar kilowattime frå vindkraft verdifull. Mykje vind i Noreg og Sverige gav meir kraft i marknaden og lét vasskraftverka spare på vatnet, seier Bockman.

– Dyrare vinter enn i 2022

Straumprisen i Søraust- og Sørvest-Noreg er onsdag på sitt høgaste sidan 12. desember 2024, ifølgje E24.

Det gjeld prisområda NO1 og NO2, som mellom anna omfattar Oslo, Agder, Rogaland og Telemark.

– Det ligg an til prisar på opp mot to kroner kilowattimen heile vinteren. Utsiktene er heilt ekstreme. Dette blir ein dyrare vinter enn i 2022, seier handelssjef Tom Eirik Olsen i Ishavskraft til E24.

(NPK-NTB-Kathrine Vikne Holth):

Powered by Labrador CMS