Tingvoll Ull får Miljøprisen

Glade vinnarar er Arnar Lyche og Rose Bergslid. Foto: Vegard Botterli

– Lokal verdiskaping og sirkulærøkonomi går hand i hand

Tingvoll Ull får Miljøprisen 2026 for berekraftig bruk av norsk ull, sirkulærøkonomi og eit kortreist krinsløp frå sau til ferdig produkt.

Det var eit einstemmig kompetanse- og næringsutval i fylkeskommunen som måndag bestemte kven som skulle få prisen i år.

Politikarane trekte mellom anna fram at Tingvoll Ull lagar kvalitetsprodukt av ull som elles kan ha låg økonomisk verdi, hentar ull frå lokale bønder og er ein motvekt til «fast fashion».

Leiar i kompetanse- og næringsutvalet, Geir A. Stenseth, meiner vinnaren viser korleis miljøomsyn og lokal verdiskaping kan gå saman:

– Tingvoll Ull viser i praksis korleis lokal verdiskaping og sirkulærøkonomi går hand i hand. Med sitt fokus på eit heilskapleg og kortreist krinsløp, er dei ein høgst verdig vinnar av Miljøprisen, seier Stenseth.

Starta i 2019

Tingvoll Ull vart etablert i 2019 av Arnar Lyche og Rose Bergslid. Bedrifta lagar klede av norsk ull og legg vekt på eit kortreist krinsløp frå sau til ferdig produkt.

Lars Erling Koksvik er ein av dei lokale ull-leverandørane.Rose Bergslid

Ulla kjem frå eigne sauer eller frå sau hos andre norske bønder. Ho blir vaska og karda i Noreg og spunnen hos Selbu Spinneri. Ulla blir sortert etter naturlege fargar og blir ikkje kjemisk farga.

Treff på kriteria

Kompetanse- og næringsutvalet meiner Tingvoll Ull treff svært godt på kriteria for miljøprisen. Å bruke ull, som er eit restråstoff frå kjøtproduksjon, til å produsere kortreiste, naturlege og miljøvennlege produkt, er både innovativt og berekraftig. Lokal husdyrproduksjon bidrar også til beiting som hindrar gjengroing og held kulturlandskapet i hevd.

Prisen blir delt ut under fylkestinget 8.–9. desember.

Årleg pris

Møre og Romsdal fylkeskommune deler kvart år ut Miljøprisen for særleg fortenestefullt arbeid innan berekraftig utvikling, klima, biomangfald, forureining eller alternativ og fornybar energi. Prisen består av eit kunstverk laga av ein kunstnar frå Møre og Romsdal og 15.000 kroner.

Tidlegare vinnarar fra Nordmøre

Mona Hegglund og Plastjegerne, Smøla, Friluftsrådet Nordmøre, Gomalandet SFO, Kristiansund, Ulrik Sandøy Sørensen, Kristiansund, Smøla Klekkeri og Settefisk, Smøla, Stranda Prolog AS, Averøy,  Naturvernforbundet Møre og Romsdal, Tingvoll, NORSØK, Tingvoll, Olav Bye,Tingvoll

Powered by Labrador CMS