Menneske med alvorlege sjukdommar som Parkinsons og kreft skal frå no av følgjast opp betre av Nav, mellom anna gjennom auka bruk av lønnstilskot, har Stortinget bestemt.

Alvorleg sjuke skal få betre Nav-oppfølging

SV har fått med seg Frp, Høgre og Raudt og fått fleirtal i Stortinget for at personar med alvorlege sjukdommar som Parkinsons og MS skal følgjast opp betre av Nav.

Publisert Sist oppdatert

Dette skal skje gjennom auka bruk av varig lønnstilskot, med andre ord at Nav betaler ein del av lønna for å stå i jobb.

Forslaget har fått støtte av ei rekke organisasjonar, blant dei Kreftforeningen, Norges Parkinsonforbund og MS-forbundet.

Saka vart vedteken i arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget tysdag. Arbeidarpartiet var det einaste partiet som stemde imot.

(NPK-NTB)

Powered by Labrador CMS