
Støre og Stoltenberg rødmer
At Støre og Stoltenberg rødmer når dei leser kva Per Vidar Kjølmoen i AP lover i hytt og pine er åpenbart, spesielt når eg reknar med at dei to veit kva som faktisk er sanninga.
Det Per Vidar Kjølmoen bedriver med no, burde egentlig ikkje kvalifisere for eit tilsvar, men drøyer meg til å svare likevel.
Trur verkelig Kjølmoen at folk flest eller ungdommen ikkje følger med i samfunnet?
I årets Stortingsvalg har Kjølmoen enda ikkje fått med seg at han og resten av AP her i fylket er i regjering, skal styre landet og sørge for midlar som fylket kan styre etter.
AP sine skyhøge skattar, avgifter, straum og drivstoffprisar, matvareprisar og skyhøg rente, samt krav om nullutslipps ferjer og buss, har ført til at fylkeskommunen manglar mellom 3-500 mill kr pr år.
Dette finn også Kjølmoen ut dersom han orkar å lese eit fylkesbudsjettdokument, og faktisk forstå kva AP har gjort med fylkeskommune økonomien etter 12 års styre.
Eg skal nøye meg med å tilbakevise ein av Kjølmoen sine påstandar om at regjeringa leverte tidenes overføringar til fylka i 2024.
Her er utdrag av AP regjeringa sin eigen tabell over fylka sine overføringar i 2024, som Fylkeskommunedirektøren så korrekt omtalte som manko med 70 mill kr for å komme i balanse med løna og prisveksten på 4,9%, som beviser konkret bløff, og der Kjølmoen direkte farer med usannheiter.

Som beviselig her skryter Kjølmoen av at Møre og Romsdal fylkeskommune fekk laveste overføringa i landet med 3,3 %, som førte til at Fylkeskommunedirektøren mangla 70 mill kr kun for å balansere ut løns og prisvekst .
Alle andre fylkeskommuner fekk reell vekst utover løna og prisvekst.
Kanskje også Kjølmoen burde vere LITT meir heime i eget fylke istaden for å vere i Oslo , så hadde han muligens fått med seg realiteten av sin eigen og regjeringa sin politikk.
FrP har i fire år vore i opposisjon i Stortinget, og det er åpenbart på høg tid å skifte ut AP-regjeringa som slett ikkje bryr seg ein tøddel om Møre og Romsdal ivertfall, og med AP-politikarar frå vårt fylke, totalt utan innverknad på eiga regjering.
Frank Sve
1. nestleiar i transport og kommunikasjonskomiteen
Stortingsrepresentant For FrP