Nils Olav Moen (2. kandidat, Møre og Romsdal INP)

Settes næringslivet i Møre og Romsdal mange år tilbake i tid?

Er dagens politikere på Stortinget i ferd med å sette næringslivet i Møre og Romsdal mange år tilbake i tid? Ja, meiner INP.

Etterslepet på vedlikehald av vegnettet i Møre og Romsdal er no på svimlande 18 milliardar kroner – og det aukar med fleire hundre millionar kvart år. Likevel ser vi ingen vilje hos dei etablerte partia til å ta tak i dette. Når det kjem nokre få milliardar til heile landet, blir det raskt ete opp av prisvekst og nye krav frå myndigheitene.

INP meiner vi må setje det «grøne skiftet» på pause inntil dei enorme summane som no blir brukt på dette, blir tilført fylkeskommunen som friske, ekstra midlar. Dårlege vegar kostar næringslivet dyrt gjennom stor slitasje, redusert framkome og høge transportkostnader – samstundes som fylkeskommunen møter himmelhøge anbodsprisar på nye prosjekt.

I tillegg kunne mange alvorlege ulukker vore unngått om vegstandarden var betre. For oss i INP handlar dette om tryggleik, konkurransekraft og framtidig vekst – i eit eksportfylke som Møre og Romsdal.

Nils Olav Moen

2. kandidat, Møre og Romsdal INP

Powered by Labrador CMS