LESERBREV

Nils Olav Moen 2. kandidat, Møre og Romsdal INP

INP vil sikre beredskapen i Møre og Romsdal

Som medlem i Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal ser eg med uro på at beredskap altfor ofte blir nedprioritert. Industri- og Næringspartiet (INP) har lenge arbeidd for å sikre gode backup-løysingar og eit robust samfunn, men gong på gong har enkle og fornuftige forslag blitt stemt ned i Fylkestinget.

Eit eksempel er salget av gasskraftverket på Aukra – eit anlegg som i ei krise kunne levert nok straum til å forsyne Molde by to gonger. At eit strategisk viktig anlegg som dette blir selt ut av landet til spottpris, viser kor lite fokus det har vore på beredskap og nasjonal kontroll.

Vi ser òg at bussanboda i fylket i hovudsak er lagt opp med berre el-bussar. Det finst ingen reservekapasitet dersom straumen skulle svikte. Det betyr at tusenvis av menneske kan stå utan kollektivtransport ved eit straumbrot.

INP har foreslått å nytte generatorane på hybridferjene i krisesituasjonar, samt plassere reservegeneratorar på dei største ladestasjonane i fylket. Desse tiltaka kunne gitt både tryggleik og forutsigbarheit for innbyggarane, men forslaga har blitt nedstemt av dei fleste av dei store partia i Fylkestinget – utan gode begrunningar.

Spørsmålet er: kvar er vi eigentleg på veg i ei krise? Uten solide backup-løysingar set vi både transport, matforsyning og energisikkerheit i fare.

Ei stemme til INP er ei stemme for meir tryggleik og god beredskap i heile fylket. Vi må sikre at Møre og Romsdal står betre rusta til å møte framtidas utfordringar.

Nils Olav Moen 2. kandidat, Møre og Romsdal INP

Powered by Labrador CMS