LESERBREV

Jon Samuel Håbrekke, leiar Fosna Mållag.

Å eige ei forteljing

Ein tankevekkjande tekst om kven som eig forteljinga om klima og frykt – og korleis makt, pengar og media formar vår oppfatning av verda.

Å eige ei forteljing med frykt som grunntone gir makt. Media har gjort slike forteljingar til ein spesialitet. Det er grunn til å frykte – det er grunn til bekymring – er typiske formuleringar i feit skrift på framsida av laussalsavisene.

Ein slik strategi ligg bak den internasjonale eliten si forteljing om menneskeskapt klimaendring med eit solid fundament av frykt for klima med auka temperatur. Med omfattande finansiering av klimarapportar til støtte for forteljinga og kontroll på media er den netto pengestraumen inn til dei som eig forteljinga formidabel. Du vil kanskje seie at vi må då tru på FN sitt klimapanel. Det kan likevel vera på sin plass å minne om kven som betaler for klimamodellen. Men også minne om Mark Twain sine ord: Det finst tre former for lygn: Lygn, forbanna lygn og statistikk. Politikarar og lettvindt omgang med sanninga har i det siste vore demonstrert til fulle som ein normalitet.Norge og andre statar hiv seg på den nye klimatrenden. Dei auser ut skattekroner og armar ut dei offentlege oppgåvene der satsing på utdanning og velferd for dei eldre blir nedprioritert. I Møre og Romsdal er bortkasta elektrifisering av ferjetrafikken underfinansiert med over 100 millionar kr.

Byråkratane i Brussel har stadig idédugnad på meiningslause tiltak for å demonstrere si eiga makt. Bedrifter og private blir dermed pålagt tiltak som svir økonomisk. Ut med vedfyring i 40 minusgrader på Tynset og ein halv million i ombygging av litt eldre hus i by og grend synest å vera kurrant for dei grøne og EU-frelste.

Mellom 1 og 2 milliardar menneske på Jorda bur slik at infrastruktur med elektrifisert transport er heilt utelukka. Utan fossil energi til maskiner for landbruk og transport av mat til folk i byane vil langt over ein milliard menneske døy av svolt. Verdssamfunnet er fullstendig avhengig av fossil energi så lenge makteliten saboterer utnytting av fri energi basert på teknologi utvikla av Nikola Tesla for meir enn 100 år sidan. Teknologi som tørkar ut pengeflaumen inn i makteliten sin pengebinge blir svartelista. Dei som jobbar med slik teknologi risikerer å bli eliminert.

I Norge og Europa har det i Jorda si levetid vore stadige vekslingar mellom istider og periodar med tropisk varme utan at jorda og klimaet har vore styrt av menneske. Jorda, sola, planetsystemet og vandringa i galaksen Mjølkevegen er eit dynamisk system. Dette blir ignorert av menn med dress og slips med makt til å øydeleggje naturen og Jorda. Med frykt og kontroll på propagandaapparatet (media) styrer dei politikarane og folket til å bli lydige katalysatorar for pengestraumen inn til seg sjølve. Følg pengane og du veit kven som eig forteljinga.

Er det verkeleg slik at menneskeleg aktivitet er heilt utan klimaeffekt? Med geoenginering som metode gjer makteliten sitt beste for å påverke klimaet og vêrfenomen. På eit folkemøte vart Robert Kennedy jr. spurd om chemtrails. Han svara at dette kom frå andre, men han ville granske kven som stod bak. Med innblanding av aluminium nanopartiklar og andre stoff i flybensinen kan ombygde fly med store drivstofftankar gi oss forgifta nedbør. Og vi kan stadig sjå desse seigliva stripene mot ein skyfri himmel på dagar med godt vêr.

Med nyspråk og honnørord som «Det grøne skiftet» og «Berekraft» prøver den dresskledde eliten å gi inntrykk av å vera meir intelligente enn Naturen, Jorda og Universet.

Respekten for naturen kjem tydeleg fram i premissane for filmen «Fedrelandet» av Margaret Olin: I kampen mellom makta (mennesket) og det mektige (naturen) vinn det mektige. Alltid!

Jon Samuel Håbrekke

Averøy

Powered by Labrador CMS