LESARBREV

Trude Storheim er statssekretær i Kultur- og likestillingsdepartementet.

Den kulturelle spaserstokken er eit viktig tilbod for eldre

I eit innlegg i Nordmørsposten 9. mai skriv Victoria Smenes i KrFs fylkestingsgruppe om kulturtilbod for eldre. Ho kritiserer Arbeidarpartiet for å ikkje følgje opp Den kulturelle spaserstokken i statsbudsjettet, og påstår at eg i eit NRK-intervju har kalla ordninga stivbeint og lite fleksibel.

Dette stemmer ikkje. Eg veit ikkje kvar Victoria Smenes har «stivbeint» og «lite fleksibel» frå. Det eg svara NRK-journalisten i mai 2025, var at Den kulturelle spaserstokken er ei flott ordning som bidreg til at også dei eldre får moglegheit til å oppleve kultur.

Ordninga blir i dag forvalta av fylkeskommunane, og det er opp til dei om dei ønskjer å prioritere tiltaket. Høgre, Frp, KrF og Venstre har røysta for å leggje ned tilbodet i Møre og Romsdal.

Vidare svara eg – sjølv om ikkje alt kom med i NRK-saka – at Den kulturelle spaserstokken tidlegare var eit nasjonalt tiltak, og at Arbeidarpartiet lenge har hatt ein ambisjon om å løfte ordninga tilbake inn i statsbudsjettet, fordi me er opptekne av eit godt kulturtilbod for eldre. Me har ikkje funne rom til dette enno, men ambisjonen står ved lag og er òg nedfelt i vårt nye partiprogram.

Tekst: Trude Storheim
Statssekretær i Kultur- og likestillingsdepartementet

 

Powered by Labrador CMS