LESERBREV
Kultur for eldre kostar, kven vil betale?
Arbeiderpartiet meiner vi ikkje må svikte dei eldre i kulturpolitikken. Mellom anna har vi stemt nei til å leggje ned Den kulturelle spaserstokken.
Dette er ei ordning retta mot eldre på sjukeheimar, slik at dei får tilgang til konsertar og andre kulturelle aktivitetar. Mellom anna kan ein søkje om støtte til demenskor. Dette er lågterskeltilbod for eldre som ikkje kan nytte seg av andre kulturtilbod.
Saka om den kulturelle spaserstokken har vore oppe til votering fleire gongar, og Arbeiderpartiet har fått fleirtal for at dei eldre skal få behalde ordninga. Dessverre har posisjonen med Frp, Høgre, V og Krf svikta når det kjem til løyving av midlar. Sjølv om Krf fleire gongar har gått ut og støtta ordninga, har dei stemt nei når pengane skal løyvast.
I siste fylkesting kom Arbeiderpartiet nok ein gong med forslag om å løyve midlar til den kulturelle spaserstokken, og nok ein gong blei forslaget nedstemt. I staden blei det vedteke at ein skulle ha ei sak om «reetablering av Den kulturelle spaserstokken», og «forslag til finansiering og moglege prioriteringar innanfor eksisterande rammer» Enkelt forklart: Det skal ikkje koste noko, eller så skal ein ta midlar frå andre kulturtiltak»
Når Victoria Smenes frå Krf i Nordmørsposten peiker på at «Kultur for eldre handlar om menneske- ikkje ordningar», er Arbeiderpartiet heilt einig i det. Men då må vi og vere villig å betale det det kostar. Er Krf villige til det?
Eldrerådet støtta 7 mai at ein skulle jobbe vidare med ei ny kultursatsing med eldre som målgruppe. Når Smenes i Nordmørsposten viser til at eldrerådet støttar dette, gløymer ho det siste punktet «Eldreådet ber om at lavterskeltilbod for eldre blir auka med 3 million frå 1. januar 2027»
Vil Krf støtte også dette punktet om auka midlar til lavterskeltilbod innan kultursatsing for eldre? Eller skal det vere innanfor gjeldande rammer? Eller skal ein ta midlar frå barn og unge?
Dersom KrF får med seg Frp og resten av posisjonen, skal Arbeiderpartiet sjølvsagt støtte ei auka kultursatsing for eldre. Ja, kultursatsing handlar om menneske – men det er heller ikkje gratis.
Geir Ove Leite
Medlem i Møre og Romsdal Eldreråd for
Arbeiderpartiet