LESARBREV
Vi kjenner oss ikkje att i det biletet som blir teikna av situasjonen ved SNR
Det siste døgnet har det kome fram påstandar i media som gir eit bilete av leiing, arbeidsmiljø og handtering av utfordringar ved klinikk SNR på Hjelset som eg meiner det er viktig å kommentere.
Vi kjenner oss ikkje att i framstillinga av at bekymringar ikkje blir tekne på alvor, eller at det manglar openheit og dialog i organisasjonen. Medverknad og involvering er grunnleggjande verdiar i Helse Møre og Romsdal. Vi legg stor vekt på dialog med medarbeidarar, tillitsvalde og vernetenesta, og vi har etablerte system for å melde frå om forhold som ein meiner bør følgjast opp. Vi ønskjer òg dialog med lokal leiing, tillitsvalde og verneombod om dei påståtte forholda som no kjem fram i media, slik at vi kan få belyst saka på ein grundig og ryddig måte.
Det er inga tvil om at etableringa av det nye sjukehuset på Hjelset har vore ei svært krevjande oppgåve. Flyttinga til eit heilt nytt sjukehus, innføringa av Helseplattforma og den økonomiske situasjonen helseføretaket står i, har stilt store krav til både medarbeidarar og leiarar. I ein slik situasjon vil det oppstå utfordringar som må handterast undervegs. Det viktige er korleis vi møter desse utfordringane.
Eg har stor respekt for den innsatsen som er lagd ned gjennom denne perioden, og full tillit til klinikksjef Britt Rakvåg Roald og dei andre leiarane i klinikken. Dei har over tid handtert krevjande problemstillingar, samtidig som dei har sørga for forsvarleg pasientbehandling og stabil drift gjennom ei omfattande omstilling. Sjølv om det har vore utfordringar, har medarbeidarar og leiarar kvar dag bidrege til at pasientane har fått den behandlinga dei treng.
Når det gjeld opplysningane om at saka skal vere meldt til Arbeidstilsynet, har Helse Møre og Romsdal per i dag ikkje motteke informasjon om dette utover det som er omtalt i media. Dersom Arbeidstilsynet vel å følgje opp saka, vil vi sjølvsagt samarbeide fullt ut og bidra til ei open og ryddig handtering.
Det er viktig at alle stemmer blir høyrde, og at bekymringar blir tekne på alvor. Samtidig meiner eg at det biletet som no blir teikna, ikkje gir ei balansert framstilling av situasjonen ved SNR eller av den store innsatsen medarbeidarar og leiarar har lagt ned for å halde oppe eit godt tilbod til pasientane gjennom ei svært krevjande omstillingsperiode. Eg vil rette ei stor anerkjenning til alle som har bidrege i dette arbeidet, og eg har stor tillit til leiarane og medarbeidarane som kvar dag arbeider for å sikre pasientane gode og forsvarlege helsetenester.
Olav Lødemel
Administrerende direktør i Helse Møre og Romsdal