LESERBREV

Line Karlsvik, Marit Aklestad og Birgit Oline Kjerstad fra Sosialistisk Venstreparti

Sjukehusa våre treng gjeldssletting og rammefinansiering

Sjukehusa i Møre og Romsdal har blitt påført store faglege og økonomiske belastingar. Tilsette ved det nye sjukehuset på Hjelset fortvilar over paradokset der vi har fått eit flott nytt sjukehus, men manglar midlar nok til å drifte det.

Helseplattforma, som burde vore stansa for lenge sidan, slik den lokale motstanden har vist var naudsynt, er ille nok. Men i botnen av den dårlege økonomien har vi ein helseføretaksmodell som fylgjer New Public Management-prinsipp der botnlinja blir viktigare enn å ivareta pasientar og tilsette. Den politiske styringa er fjerna i alle andre saker enn i det overordna budsjettet.

Det fyrste som må skje, er å skilje investeringar frå drift, slik at sjukehusdrifta slepp å bli belasta med store, tyngjande lån. Det er heilt urimeleg at lånegjeld frå nye sjukehusbygg og it-system skal måtte betalast med å seie opp legar, sjukepleiarar og fagarbeidarar. Nybygg, renovering og store investeringar i sjukehus må dekkjast fullt ut av staten, og ikkje takast over dagleg drift. Både pasientar og tilsette treng også at drifta blir finansiert betre med rammeoverføringar, slik at vi ikkje får skeivskapar ut i frå kva som «løner seg» for sjukehusa å gjere av behandlingar.

SV har nyleg vore med på å føreslå å utgreie eit alternativ til Helseføretaksmodellen slik at vi får tilbake den politiske styringa med sjukehussektoren. Vi meiner at sjukehusa må drivast som samfunnsinstitusjonar – som ein del av den offentlege forvaltninga, ikkje som føretak etter aksjelova sine prinisipp. Diverre har særleg Høgre og Ap heile tida halde fast på helseføretaksmodellen.

Frp har også stemt ned forslag om å utgreie alternativ, og vil halde på såkalla stykkpris-finansiering eller innsatsstyrt finansiering. Dei vil ha ein modell som liknar på «Nye Veier», eit statleg eigd aksjeselskap som byggjer motorvegar. Men då er vi no like langt! Det vil ikkje gi oss mer politisk styring, og vil neppe gjere kvardagen for tilsette og pasientar betre.

Marit Aklestad og Line Karlsvik vitja sjukehuset i Volda saman med nestleiar Marian Hussein i vår.

Helsevesenet er ein grunnpilar i velferdsstaten som vi må slå ring om. Å vite at vi alle får hjelp i verdsklasse når sjukdom eller skade råkar, gir tryggleik og fridom. Vi fryktar at ei regjering utgått frå FrP ikkje vil verne om desse fellesverdiane, men heller byggje ned, privatisere og splitte opp helsevesenet. Då får vi ei todeling der dei med god råd kan velje og vrake i behandlingar, medan dei med mindre betalingsevne eller sjukdommar som ikkje gir «inntening» i stykkpris-finansieringa, får eit dårlegare helsetilbod.

Sjuke menneske skal ikkje ut på anbod som kasteballar i systemet. Dei treng ikkje behandling etter marknadsprinsipp som gjer det vanskeleg med heilskapleg helsehjelp. Dei treng trygge sjukehus som er drivne på faglege premissar, pasientbehov og demokratiske prinsipp. Det har vi råd til, og det får vi til med eit sterkt SV!

Birgit Oline Kjerstad, stortingsrepresentant, Møre og Romsdal SV
Line Karlsvik, stortingskandidat, Møre og Romsdal SV
Marit Aklestad, gruppeleiar Møre og Romsdal SV

Powered by Labrador CMS