LESERBREV

Geir Ove Leite er medlem i Møre og Romsdal Eldreråd for Arbeiderpartiet.

Kven tok frå dei eldre den kulturelle spaser­stokken?

«Hva skjedde med den kulturelle spaserstokk i 2025 og hva må til for at vi skal reise saken på nytt? Hva må til for at det skal gjelde resten av økonomiplanperioden?»

Dette spørsmålet stilte leiaren i Møre og Romsdal eldreråd, Bengt Gustav Eriksson frå Pensjonistforbundet, i eldreådet 12. mars. Svaret er veldig enkelt. Frp, Høgre, Venstre og Krf vil ikkje prioritere dette og kutta all støtte

Kva er så den kulturelle spaserstokken for eldre? Det er ei ordning retta mot eldre på sjukeheimar, slik at dei får tilgang til konsertar og andre kulturelle aktivitetar. Mellom anna kan ein søke om støtte til demenskor. Kvifor skal ikkje eldre som er avhengig av hjelp og transport få kulturelle opplevingar, medan vi andre berre kan hive oss i bilen og reise på konsert?

Arbeiderpartiet kom i fylkestinget i oktober med forslag om at ordninga ikkje skulle leggjast ned. Det fekk fleirtal, og vi i Arbeiderpartiet rekna med ordninga var sikra. Men nei. I budsjettbehandlinga i desember snudde Krf og Venstre, og ordninga blei vedteken nedlagt. Dette sjølv om stortingsrepresentant Valderhaug frå Krf i juni forsvarte ordninga i eit spørsmål til fylkesordføraren. Var presset frå Frp, som er mot ordninga ,for sterkt?

Når Frp i fleire innlegg har tatt æra for eit stort overskot i 2025 så veit vi også kven som har betalt prisen: eldre på sjukeheimar som ikkje får tilbod om kulturtilbod, og elevar på vidaregåande skular som har mista nærare hundre lærarar.

Eriksson i eldrerådet spurte kva som skal til for å få ordninga inn igjen. Svaret er nok ein gong enkelt. Vi kan legge det inn igjen i neste budsjett. Det vil Arbeiderpartiet prioritere. Spørsmålet er om Frp og gjengen vil det?

Tekst: Geir Ove Leite
Medlem i Møre og Romsdal Eldreråd for Arbeiderpartiet

Powered by Labrador CMS