LESERBREV

– Utvida handlingsrom, eller innsnevra omsorgsrom? spør Per-Arne Lillebø og Hjørdis Almelid Vikenes i IOGT Møre og Romsdal. (Bilete til venstre er ein illustrasjon, bilete til høgre er av Per-Arne Lillebø).

Utvida handlings­rom - eller innsnevra omsorgs­rom?

Den siste tida har vi på mange felt i samfunnet sett at alkoholen har fått utvida handlingsrom. Vi har hatt fotball-VM-skjenking på nattestid, og no vil nokre gjerne at natte­skjenkinga held fram vidare. Kven er det som taper på det i så fall?

Tek vi som samfunn inn over oss at det er mange som har utrygge oppvekstvilkår pga foreldra sin rusbruk? At nokre sjukehus brukar ein god del av kapasiteten sin på alkoholrelaterte skadar? At dei inntektene som Mor Noreg får inn på avgifter knytta til alkoholsal ikkje dekkjer dei faktiske utgiftene som statlege organ har når det gjeld alkoholrelaterte skadar?

Ja, kvar vert det av det omsorgsfulle handlingsrommet, når vi ikkje innsnevrar salstidene skal tru? Verdas Helseorganisasjon (WHO) har sagt at alkoholforbruket skal ned med 20 prosent innan 2030. Folkehelseinstituttet (FHI) meiner i følgje Vårt Land 10. august i år at dagens regjering må stramme inn alkoholpolitikken.

Korleis vil ettertida sjå på dagens alkoholpolitikk? Som eit utvida handlingsrom til gode for alle innbyggjarane i Noreg? Eller som eit innsnevra omsorgsrom?

Kva tenkjer du? Kva kan du gjere med dette? Her er det fullt mogleg for alle her til lands å engasjere seg for best moglege oppvekstmiljø, gode og rusfrie ungdomsaktivitetar og samlingsstadar for både unge og vaksne der det er trygt å komme for alle.

Leiar i IOGT Møre og Romsdal, Per-Arne Lillebø
Infomedarbeidar Hjørdis Almelid Vikenes.

Vi i IOGT Møre og Romsdal meiner at idretten skal vere ein arena som er alkoholfri, slik at alle kan delta i ROlege omgjevnader utan å kjenne seg utrygge.

Og - viss du eventuelt vil bidra til det, meld deg inn i ein ruspolitisk organisasjon då vel. Her har du stor valfridom - for det finst mange edruelege organisasjonar!

IOGT Møre og Romsdal
Leiar Per-Arne Lillebø og nestleiar Hjørdis Almelid Vikenes

Powered by Labrador CMS