KRONIKK

Fra venstre: Statsforvaltar Else-May Botten og Fylkesberedskapssjef Gunnhild Anett Naas.

– Ikkje la desinformasjon påverke valet ditt

Du ligg på sofaen og skrollar deg gjennom sosiale media. Eit innlegg engasjerer deg veldig. Du blir sint, og vil at andre skal sjå kvifor du reagerer. Du deler. Utan at du er klar over det kan du ha vore utsett for desinformasjon. Samstundes har du vore med på å spreie dette vidare.

8. september er det stortings -og sametingval i Noreg. 

Dagens tryggleikspolitiske situasjon inneber ein auka risiko for mellom anna desinformasjon frå framande statar. Dette ser vi sett i mange land, og vi bør vere budd på ei auke hos oss fram mot valet.

Falsk eller villeiande informasjon blir spreidd for bevisst å påverke oss i ei eller anna retning. Desinformasjon er vanskeleg å skilje frå truverdig informasjon. Den engasjerer, og er enkel å dele. I Totalberedskapsmeldinga blir desinformasjon peika på som eit av verkemidla for å påverke politiske prosessar, forsterke polarisering og spreie mistillit. 

Å stemme i ei tid med villeiing

Noreg er eit av verdas mest stabile og tillitsbaserte demokrati. I val fornyar vi avtalen mellom innbyggarane og myndigheitene. 

Uønskt valpåverknad i sosiale medium spreiar usanningar, forsøker å svekkje tilliten til demokratiske prosessar, og gjer oss usikre. Det skjer i det stille, og kan gjere at veljarar vel å ikkje stemme. Å passivisere folk gjennom desinformasjon er eit alvorleg angrep på demokratiet.

Ein av vår tids største truslar

Fylkesberedskapssjef Gunnhild Anett Naas.

Desinformasjon er ein av dei største truslane vi står ovanfor. Vi veit ikkje nok om korleis den påverkar oss, eller korleis vi unngår å bli utsett for den.

Meir enn kvar fjerde nordmann nemner sosiale medium som ei av sine viktigaste kjelder til nyheiter. Desinformasjon i desse kanalane kan påverke både enkeltpersonar og samfunn i stor grad.

Kor god er motstandskrafta di?

Så, kva kan vi gjere for å unngå å gå i desinformasjons-fella? Alle i samfunnet må samarbeide! Både du som innbyggjar og sentrale styresmakter må vere med. Kunnskap og bevisstheit vil styrke motstandskrafta vår. Vi må ha evne til å vurdere innhaldet i ulike media. 

Vi skal ikkje slutte å bruke sosiale medium, eller å la oss engasjere av innhaldet. Men vi bør i større grad vere kritisk til avsendaren, til innhaldet og til korleis desse plattformene fungerer. 

Skaff deg kunnskap om kjelda, algoritmar og fakta

Sjekk alltid kven som har skreve innhaldet du les. Er det ei truverdig kjelde? Kva er føremålet med bodskapen? 

Sosiale media blir styrt av algoritmar som forsterkar innhald vi allereie likar eller engasjerer oss i. Om du veit meir om korleis teknologien verkar, kan du bli meir kritisk til det mediet viser deg. 

Innfør ein vane med å sjekke kjelde og fakta først, så kan du dele etterpå.

Bruk redaktørstyrte media meir!

Statsforvaltar Else-May Botten.

Frie redaktørstyrte media er viktigare enn nokon gong. Eit mangfald av slike media fremjar ulike perspektiv. Det gir gode føresetnader for å motverke at desinformasjon blir spreidd. Vi bør alle bruke meir tid på redaktørstyrte media i den daglege nyheitsmiksen. 

Strategi for å styrkje motstandskrafta

Regjeringa har laga ein Strategi for å styrkje motstandskrafta mot desinformasjon (2025-2030). Her blir fem innsatsområde løfta fram: styrkje den kritiske medieforståinga i befolkninga, ansvarleggjere sosiale medium, styrkje redaktørsyrte media, styrkje kunnskap og forsking og styrkje arbeidet til styresmaktene og samordninga mellom dei. 

Strategien skal ikkje hindre folk i å ytre seg offentleg, eller fjerne usanne påstandar i offentlegheita. Men, debatten skal ikkje vere basert på bevisst desinformasjon. 

Kunnskap er nøkkelen

Nøkkelen til god motstandskraft er kunnskap. Når fleire forstår korleis algoritmar styrer informasjonsstraumen, kvifor desinformasjon spreier seg, og korleis vi blir påverka digitalt, står vi sterkare. Vi blir mindre sårbare, og meir rusta til å verne både kvarandre og demokratiet vårt. 

Ikkje la deg påverke av desinformasjon, og ikkje del desinformasjon vidare! Godt val!

Powered by Labrador CMS